SKILD: Nokre av dei tilsette ved Skild på Nesmoen som har lagt drifta i lokala til den tidlegare plastfabrikken. Tove Heia (f.v.), Kjell Rune Heia, Jonathan Larsson Lea, Kai Finseth, Arthur Trella, Martin Landås, Tor Børge Helle, Asbjørn Vittali, Oliver Zeiseler, Thomas Stepien og Ola Andreas Linjord.

Frå 3 til 14 faste tilsette på eitt år

Industriverksemda Skild AS i Bygland har det siste året tilsett 10 nye medarbeidarar. Og fleire kan det bli. – Det kan fort bli fire til seks nytilsette det neste året også, seier Kjell Rune Heia.

I dei gamle industrilokala til plastfabrikken på Nesmoen i Bygland har det kome ny industri. Skild AS som har drive på Nesmoen i fleire år, flytta inn i lokala i mai i fjor.

– Det var ein flytande overgang, der me flytta inn i lokala medan det framleis var drift i plastfabrikken. Så det var aldri heilt tomt i industrilokala, seier Kjell Rune Heia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er grunnleggjar av Skild AS som han eig saman med AMV (Andersen Mek. Verksted).

Leverer til anlegg og industri

Verksemda på Bygland har gjort det stort innan reinsing av vatn til veg- og anleggssektoren sidan oppstarten i 2014.

– Me utviklar reinseløysingar for vatn til tunnel og vegprosjekt, men er også på veg til å utvikle tilbodet til anna industri. Det vert stadig strengar reglar for vatn og reinsing, seier Heia.

Dei skal mellom anna levere reinseløysingar til bergverket Titania i Sokndal. I tillegg leverer dei til Veidekke og Implenia i samband med tunneldrift i store vegprosjekt.

NESMOEN: Dagleg leiar Kjell Rune Heia og ingeniør Tor Børge Helle har fått fleire nye kollegaer det siste året etter at Skild har utvida drifta.

Nok av arbeid

På Bygland er det både utvikling og produksjon i fabrikkhallane på Nesmoen. Det er 14 tilsette på tilsaman 13 årsverk. Verksemda har også fire innleigde på langtidskontrakt frå Vittali Industriservice på Evje.

Skild har idag fulle ordrebøker fram til oktober, og trur det kan bli behov for å tilsette fleire.

– Me har nok av arbeid og vil nok kunne tilsette ein god del fleire i løpet av dette året og framover. Kanskje mellom fire og seks stillingar, men det kjem litt an på kva folk me får tak i. I hovudsak er det behov for ingeniørar og folk innan elektro og mekanisk, seier Heia.

Flinke folk

Han seier det har gått bra til no med rekrutteringa, og at dei har vore heldige som har fått fatt i flinke folk.

Artikkelen held fram under annonsen.

AMV kjøpte nyleg Cointainertech AS i Askim, og Heia håpar at det kan bli flytta ein del produksjon frå Askim til Bygland.

Fabrikkbygningen på Nesmoen er eigd av kommunen, som har lyst den ut for sal.

– Me leiger dette bygget nå, men håpar å kunne få kjøpe det av kommunen for å utvikle det vidare. Lokala er greie, men det må gjerast mykje. Me har byrja å montere kraner i hallen og har teke i bruk heile bygningen, held han fram.

JOBB: Kjell Rune Heia seier den viktigaste motivasjonen er å skape fleire arbeidsplassar. Han håpar fleire unge kan få opp auga for kva dei driv på med på Nesmoen.

Motivert for å skape arbeidsplassar

Etter at den fyrste piloten vart levert i 2020, og dei fekk dokumentert effekt og referansane som var nødvendige, har verksemda dobla omsetninga kvart år.

– Me har agentur for løysingar for oppløysing av tungmetall og for å få ut tørt slam, mellom anna, seier Heia.

Dei håpar å kome inn i den svenske marknaden i løpet av året, og skal også levere ei reinseløysing til Canada.

– Motivasjonen har heile tida å skape arbeidsplassar i Bygland. Noko som kan bidra til å få ungdom til å flytte heim. Dette er noko AMV også er oppteken av, og som var eit viktig poeng då dei kom inn i verksemda, seier Heia.

MONTERING: Ola Andreas Linjord (t.v.) og Jonathan Larsson Lea ferdigstiller ein såkalla Combi Unit. Det er eit trykkfilter og ein stor tank som skal skilje ut skiten frå ureint vatn.

– Avgjerande for at eg flytta heim

Byglendingen Jonathan Larsson Lea, som er industrimekanikar, vart tilsett i Skild for halvtanna år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var heilt avgjerande for at eg flytta heim såpass tidleg, at eg fekk jobb her. Eg er godt fornøgd med at Skild ligg i Bygland, seier han.

Lea meiner det er store moglegheiter i verksemda for dei som arbeider innan elektro og mekanisk.

– Eg hadde nok flytta heim seinare og kanskje teke ein turnusjobb, men det er ein unik moglegheit her for dei som vil jobbe og bu i Bygland, seier Lea.