Det er satsa sterkt med ny ridehall for å legge til rette for hesteinteresserte blant elevane ved KVS-Bygland.

Frå heste- og dyrefag til skogbruk og byggfag

Ved KVS Bygland, den kristne vidaregåande skulen i Setesdal, har dei ikkje mindre enn 40.000 mål med jaktterreng til disposisjon for alle elevar som søkjer seg til denne skulen.

Skulen har også fleire hytter med mulighet for overnatting på skitur, til fots eller på snøscooter. Jon Gunnar Kjetså, ein av dei tilsette ved skulen, seier at både miljøarbeidarar og andre tilsette legg arbeid i å tilrettelegge for at du som elev skal kunne fylle fritida med noko spennande.

Skulen har alt som trengst for fotball, sandvolleyball og kajakk, stor innandørshall og treningsrom i tillegg til alt det som vakker natur gir deg i idylliske Bygland.

Fagleg har skulen i dag tilbod om byggfag og naturbruk. I tillegg til VG1 Bygg- og anleggsteknikk er det både VG1 og VG3 Naturbruk, det siste som studieførebuande tilbod.

Dessutan kan du på Bygland velje VG2 både med vekt på Heste- og dyrefag eller skogbruk. Skulen har også VG2 for tømrarar.

-Me kallar oss «Natur- og friluftsskulen» med enorme muligheter for dei som er interesserte i hest, jakt, fiske og turar i skog og mark, seier Jon Gunnar Kjetså.