Trond Mellemstrand står på Evje torg i dag med grønsaker frå Jæren. (Foto: Privat)

Frå Noregs store matfat til Evje

Sidan i fjor sommar har Trond Mellemstrand køyrt frå torg til torg i Setesdal med friske grønsaker, egg og honning. Dei mange faste kundane set pris på å få tak i matvarer frå Jæren, Noregs store matfat. Men verksemda hans dreier seg ikkje berre om grønsaker. – Lediggang er rota til alt vondt, og det gjeld ikkje minst ungdommen, seier Mellemstrand som står i Evje sentrum i dag.

Ein gong i månaden har jærbuen køyrt oppover Setesdal med varer frå jærbønder og litt frå Sørlandet. Nå er straks sommarsesongen i gang, og då kjem han annankvar veke. Han har opparbeidd seg ein del faste kundar som veit at dei får kvalitet om dei handlar hos Mellemstrand.

– Folk kastar alt for mykje mat i dag. Her er det veldig lite svinn, for om det er noko som er på hell, så deler eg det gjerne ut. Det hender også at SFO og barnehagar får noko av det. Då slepp ein å kaste så mykje mat, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sysselset ungdom med utfordringar

Mellemstrand fortel også om lågt klimaavtrykk på matvarene, men det er ikkje det einaste han brenn for. Med seg i forretninga si har han nemleg ungdommar med utfordringar som gjerne ikkje har så mykje å gå til.

– Me treng alle noko positivt som skjer i livet vårt. Ungdommane kjem seg ut litt, og får arbeidsoppgåver. Dei er med meg for å hente varer, pakkar og er med på vedleveringa på Jæren, seier han.

For på Jæren har han starta det han kallar «vedhotell». Men kva i all verda er det?

– Når folk bygger nytt i dag, så er det jo ingen som tenker på lager til ved og anna. Så difor har eg vedhotell, og ungdommane er med på å køyre ut ved til dei som ikkje kan ha veden lagra heime, seier han.

Men denne helga er det grønsaker frå Jæren til Setesdal som gjeld. Den trivelege jærbuen står på Evje torg fram til i ettermiddag, før han køyrer til Bygland kor han skal stå nokre timar. I morgon går ferda vidare til Rysstad, Valle og Bykle.