Eigedomsutviklar Rune Hodne har selt 10 tomter i Nye Oddeskogen på Evje siste året. I det første byggjesteget med 20 tomter har han no berre tre tomter att. Dei fleste har det alt kome nye hus på. Neste trinn i utbyggingsfasen er i full gang.

Fylt opp fortare enn utbyggaren hadde rekna med: Her kjem det 60 nye hus

Han kan godt synge som Henrik Wergeland, Rune Hodne på Evje, om ”Nisser og dverge som bygger i berge, men vi skal mine dem alle her ut”, for det er nettopp det som har skjedd i det nye Oddeskogen bustadfelt der det snart har kome opp 20 nye hus. -Interessa frå husbyggarar har vore langt større enn eg hadde våga å tru då eg gjekk i gang med dette, seier han.

For eit par år sidan bestemte eigedomsutviklaren seg for å satse 10 mill. kroner på å bygge ut det sentrumsnære bustadfeltet med gangavstand til både skule og barnehage. Han planla i tre byggetrinn med til saman rundt 60 tomter. Berre det siste året har han selt 10 av dei. I første fasen med 20 tomter er det berre 3 att, og på dei fleste har det alt kome opp hus. Det er ulike utbyggjarar frå Hellvik Hus til småentreprenørar som kjøper tomt for å sette opp hus til vidare salg. Rune Hodne har også sjølv gjort det på den måten somme stader for å få fart på utbygginga. Slike bustader har gjerne blitt selde før dei var ferdige.

Fleire prisklassar

-På den måten får folk tilbod både om byggjeklar tomt eller nøkkelferdige hus. Her kan dei velje mellom store einebustader til rundt 4 mill. kroner eller leilighet i tomannsbustad der prisen berre er vel halvparten av dette, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Området blir marknadsført av Aktiv Eiendomsmegling på Evje.

Rune Hodne opplever at det er stor interesse for tilboda i det nye Oddeskogen bustadfelt, nesten større enn han på det mest optimistiske trudde.

-Det er ofte unge folk som melder si interesse, men også litt meir tilårskomne har valt å selje husa sine i det gamle Oddeskogen-feltet for å flytte inn i nytt hus her i det nye utbyggingsområdet, seier han.

Innflyttingsklart med hage

Det meste har blitt reist mellom fjellskrentar og store steinurer som med dagens velsmurte tilrettelegging etter kvart framstår med flotte murar og imponerande hageinnretningar på rekordtid. Dermed har folk også fått tilbod om innflyttingsklare hus endåtil med opparbeidd plen og hage!

Suksessen i første byggjesteget gjer at salget for 20 nye tomter i andre fasen no er i full gang. Desse tomtene skal vere ferdig tilrettelagde rundt årsskiftet.

-Anleggsarbeidet vil difor prege området enno ei tid, men det gir mykje sysselsetting, seier Rune Hodne. Han sjonglerer mellom røyrleggjarar og elektrikarar, kraftverksfolk og gravemaskinførarar kvar einaste dag.

I det nye Oddeskogen bustadfelt på Evje er det tilbod om alt frå einebustader til tomannsbustader i rekke eller funkisstil, her eitt av nybygga som no er under arbeid.

Handverkarar frå kysten

-Her er mykje aktivitet, men eg er litt overraska over at det er så få lokale firma som har våga seg inn på denne utbygginga. Kanskje har dei ikkje hatt så mykje tru på dette, for fleirtalet av handverkarar som dukkar opp her er folk frå kyststripa, Kristiansand, Søgne og Vennesla, seier Rune Hodne.

Fleire av desse har kjøpt tomter og bygt dei ut for eiga rekning med tanke på å selje fiks ferdige hus. Også eit par lokale snikkarar har likevel oppdaga mulighetene i Odeskogen og er no i gang med å sette opp ein tomannsbustad for vidare salg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trafikk på kveldstid

-Pandemien har gjort at det har vore mindre visningar enn det som ville ha vore normalt, men her er mykje trafikk av folk på kveldstid. Det er ofte interesserte kjøparar som er litt på utkikk. Jungeltelegrafen og sosiale medier fungerer også godt. Folk har høyrt noko av andre som finn seg så godt til rette etter å ha flytta inn her, seier han.

Fortare enn tenkt

Også andre byggjesteget som no er igang, er på 20 tomter, og noko tilsvarande blir det tredje som blir liggjande endå noko høgare oppe i lia, og er noko lengre fram i tid.

-Det blir sikkert nokre år før ein kjem så langt, men starten har vore så god at det er vanskeleg å seie kor fort denne utbygginga blir gjennomført. Det kan skje raskare enn eg hadde rekna med, seier Rune Hodne.