Det har vore god oppslutning om arrangement på Gautestad misjonssenter etter pandemien. Kristi himmelfartsdag er det klart for ny samling.

Gautestad misjonssenter i godt gjenge igjen

Aktiviteten på Gautestad misjonssenter er i gang igjen!

På Misjonssenteret på Gautestad har aktiviteten vore normal i dei vel to månadene som er gått sidan korona-restriksjonane blei opphevd. Dels har senteret vore bortleigd til private arrangement og dels har misjonsforeininga hatt eige arrangement.

Påskemøtet

Me var spente på korleis oppslutninga om påskemøta ville bli i år. Det er ofte slik at når eit lokale har vore stengt ei tid, kan det vere tregt å koma i gong att. I så måte vart me overraska. Alle roma var bortleigde, og det var jamvel venteliste. Til møta, bibeltimar og ulike samvær kom det også folk utanfrå. Nils Kåre Strøm og Arne Arnesen var faste talarar og songarar også i år slik dei har vore i fleire år. Andre songarar deltok også. På påskeaften vart det på ettermiddagen arrangert basar. Masse folk møtte fram. På halvanna time kom det inn om lag kr. 60.000 til misjonssenteret. Stova, matsalen og gangen var fullsette, og i det vakre været sat mange ute på verandaen. Påskeaften – om kvelden – var det songmøte med mange tilhøyrarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan snøen så å seie hadde bråna vekk før påske, hadde ingen av deltakarane med seg ski. Men hyttevegane vart flittig brukt til spaserturar. Mange tok dag etter dag ein spasertur i den vakre naturen på Gautestad.

Kristi himmelfartsdag

Snart er det Kristi himmelfartsdag, som i år er torsdag 26. mai. I mange år har me arrangert misjonsstemne på Gautestad denne dagen. Det planlegg me også i år med pensjonert frikyrkjepastor Hallvard Myren frå Arendal som talar. Wenche og Jørn Slimestad frå Lyngdal vert med og syng. Onsdag før Kristi himmelfartsdag pleier me å ha kulturkveld. Då blir det gjerne kåsert om eit tema. Slik også i år. Mange bruker å kome til kulturkvelden og overnatte til sjølve stemne, dagen etter.

Dugnad

På førsommaren plar me å ha dugnad på misjonssenteret. På dugnaden stiller mange trufaste vener av misjonssenteret opp. I fjor varte dugnaden i fire dagar. Mellom 15 og 19 deltakarar var med ein eller fleire dager. Mykje arbeid vart gjort. I år er dugnaden lagt til 13.- 16. juni. Vasking, måling ute og inne, snekring og andre ting skal gjerast. Styret for misjonssenteret er takksam for alle som stiller opp. Mot slutten av juni fyllest det opp av grupper med tyske ungdomar.

Erik Kjebekk