– Generasjonsleikane i Bygland til hausten skal vere eit tilbod på tvers av generasjonskløfta. Her skal besteforeldre og barnebarn kunne delta på same lag, seier Gro Tove Frafjord Sandnes (t.v.) og Anne Fauske.

Generasjonsleikar i Bygland

– Me vil engasjere folk på tvers av generasjonar. Her kan besteforeldre og barnebarn endeleg stille på same lag, seier kulturleiaren i Bygland Anne Fauske etter at Bygland er plukka ut til å arrangere Generasjonsleikar til hausten.

Generasjonsleikane handlar om å vere aktive saman. Born, foreldre og besteforeldre skal finne saman i leik og idrett. Nyleg vart Bygland ein av 25 kommunar her i landet som arrangerer Generasjonsleikar i år.

Kulturleiaren i Bygland har alliert seg med den alltid så villige Gro Tove Frafjord Sandnes i Bygland husflidslag. Saman vil dei legge Generasjonsleikane til arrangementet Lislefarmen som etter coronapause er i gang att laurdag 2. september i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skjer på det idylliske museumsområdet med gode fasilitetar og rikeleg parkeringsplass.

Utvidar Lislefarmen

– Der vil me utvide Lislefarmen med ei rekke nye aktivitetar, nye ballspel og andre utfordringar i tillegg til tradisjonsrike øvingar som skyting, øksekasting, natursti og mangt anna som generasjonar kan vere saman om å delta i, seier Gro Tove Frafjord.

Målet no er difor å appellere til andre lag og foreningar i kommunen om også å bli med på samarbeidet. Alt frå Jeger og fisk til 4H, skyttarlag, bygdekvinnelag og mange andre er velkomne til å bli med.

– Poenget er at dei presenterer tilbod om aktivitetar som gir muligheter for engasjement og meistring, og som stimulerer konkurranseinstinktet, seier Gro Tove Frafjord Sandnes.

Biljardfotball

– Har du høyrt om biljardfotball? Det er eit nytt tilbod som kan bli presentert under årets Generasjonsleikar i Bygland, seier Anne Fauske og ber interesserte lag og foreningar legge fram tilboda sine.

Også lokalt næringsliv skal få ein sjanse til å vere med som sponsorar viss det er interesse for det.