Tommy Dale er nok mest kjend som lærar i grunnskulen på Hornnes, men han har halde på med gitarbygging (Dale Custom guitars) i over 20 år. (Foto: Johnny Haugen)

Gitarbyggaren frå Hornnes

For mange i lokalsamfunnet på Hornnes er Tommy Dale (53) kjend som ein omtykt barneskulelærar. Langt mindre kjend er det at same mannen er ein driven handverkar som står bak det norske gitarmerket «Dale».

– Spesielt modellar som liknar på Telecaster frå den store amerikanske gitar-produsenten Fender, og ein eigenutvikla Sparklecaster-modell, har vore populære, fortel han.

Inspirasjon

Tommy Dale fortel at interessa for gitarar vart vekt i tenåra, til trass for at han ikkje hadde nokon eigen gitar på den tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På 1980- og 90-talet fann eg mange spennande gitarar i musikkmagasin og musikkvideoar på MTV. Dette blei ei god inspirasjonskjelde for det seinare arbeidet, minnes han.

– Om eg skulle ha rekna vanleg timelønn på arbeidet, hadde det ikkje vore rare greiene. Men så er ikkje økonomien drivkrafta, seier Dale. Han byggjer to til tre gitarar i året, og nyttar kveldar og helger til arbeidet. (Foto: Privat)

Kortreiste gitarar

Allereie i tenåra prøvde Tommy Dale seg på sjølvbygging. Men om ikkje dei fyrste gitarane blei heilt vellukka, gjekk det betre etter kvart:

– Omkring år 2000 fekk eg bygd den første modellen som fungerte nokolunde bra. Eg arbeidde då på ein lokal skule og nytta sløydsalen som verkstad. Treverket var ask og lønn, delvis henta frå lokal skog, fortel han.

Og sidan oppstarten for godt og vel 20 år sidan, har det gått jamt frametter for gitarbyggaren på Hornnes. Til nå har mellom tjue og tretti el-gitarar funne vegen ut til musikarar rundt omkring i Noreg.

Fleire musikarar som har kjøpt gitarane fortel om dei gode kvalitetane til desse instrumenta. - Kundane får ein custom-modell som er tilpassa nøyaktig det dei ynskjer, gjennom val av trevirke, finish og elektronikk. Det gjev gitaren eit unikt særpreg som mange likar, fortel Dale. (Foto: Privat)

– Eg har fått litt omtale av gitarane mine på nettsida «Norske gitarer». Nokre av gitarane er også blitt selde til lokale musikarar, samt til kjøparar på Vestlandet og i Trøndelag, fortel han.

Blir ikkje rik

– Sidan eg framleis jobbar fulltid som lærar, har eg stort sett berre tid til gitarbygging på kveldar og i helger. Dei siste åra har eg bygd to-tre gitarar i året, og då mest på hobbybasis, seier han.

Og rik blir han ikkje på gitarbygginga, om ein skal tru konstruktøren sjølv.

– Om eg skulle ha rekna vanleg timelønn på arbeidet, hadde det ikkje vore rare greiene. Men så er ikkje økonomien drivkrafta, seier han, og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjende gitarbyggarar i Noreg kan gjerne ta tretti tusen eller meir for handbygde modellar. Eg er mindre kjend, så eg tek om lag halvparten.

– Då får kundane ein custom-modell som er tilpassa nøyaktig det dei ynskjer, gjennom val av trevirke, finish og elektronikk. Det gjev gitaren eit unikt særpreg som mange likar, fortel han.

Tommy Dale har bygd mellom tjue og tretti gitarar. (Foto: Johnny Haugen)

Utvikling

Målet for gitarbyggaren på Hornnes, er å stadig forbetre produkta:

– Fornøgde kundar er dei beste ambassadørane eg kan ha. Så eg prøver å forbetre gitarane på ulike område kvart år, fortel han.

– Så når eg legg siste hand på verket, er alle timane med pussing og finarbeid nesten gløymd, smiler Tommy Dale, medan han legg siste hand på ein ny gitar, også denne med inspirasjon frå amerikanske Fender, men sjølvsagt med eit lokalt særpreg.

Tommy Dale sin trinn for trinn-produksjonsvideo av ein sparklecaster har fått nesten 20.000 visningar: