UTBYGGING: Representantane i Evje og Hornnes kommunestyre gjekk samrøystes inn for planen som kan gje opp mot 66 nye bustader nord for Evje sentrum.

Grønt lys for 66 bustader

Kommunestyret i Evje og Hornnes gjekk samrøystes inn for planane for Solstad Boligfelt. Men undergang ved Rv9 må på plass før busetting.

Bjørn og Marianne Dovland planlegg å bygge bustadblokk og leilegheiter i området ved Otra, nord for Evje sentrum. I Solstad Boligfelt er det lagt opp til oppføring av til saman 66 bueiningar.

I detaljregulering vert det lagt opp til ein tursti langs Otra som skal vere open for allmenn ferdsel. I tillegg vert det i planen stilt krav om at ein undergang for Rv9 må vere på plass før utbyggjar kan ta i bruk dei nye bustadene.

Artikkelen held fram under annonsen.

I saksutgreiinga frå kommunedirektøren står det at framlegget inneheld i alt 66 bueiningar der ei bustadblokk i nordvest kan innehalde inntil 24 einingar.

– Bustadblokka er grensesprengende på fleire måtar, den er den største i Evje, så langt, den utfordrar byggjegrenser til vassdrag, samtidig som den legg til rette for passering av ein mykje høgt opparbeida elvepromenade, gjort tilgjengeleg for ålmenta i tilknyting til elveparken på øyane i Otra. Elvepromenaden er regulert under blokka slik at promenadetilknytningen sikres og det medfører også at området langs elva foran blokka tilrettelegges for allmennheten, skriv kommunedirektøren.

Trafikkavviklinga langs Rv9 blir også drøfta i saka.

– Området Solstad ved Otra ligg isolert frå anna busetnad og sentrum ved at Rv9 framstår som ein barriere. Kryssing av vegen for å komme til sentrum og skule fører til fare, sjølv om strekninga har nedsett fart, med 70 km i timen Planforslaget sikrar ein god og sikker kryssing via ny planlagt undergang, står det i sakspapira.

I debatten i kommunestyret sa dei politikarane som tok ordet seg positive til utbygginga.

Varaordførar Finn Bjørn Rørvik (H) sa det var viktig med attraktive bustader i kommunen.

– Attraktive bustader er viktig for bygda vår, og det er eit veldig spennande produkt dei planlegg her. Når det gjeld turstien, får me altså ein gratis ein her, sa han.

Cato Christensen frå Venstre roste også planane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er imponert. Om dette blir realisert, blir det ei perle. Eg trur også det er fornuftig å halde på kravet om undergang på Rv9, av omsyn til trafikktryggleiken til barna på skulen, sa han.