STUDENT: Nicoline Kjær frå Hovden og Monica Breive frå Evje er båe studentar ved distriktsvenleg vernepleie i Setesdal.

– Hadde ikkje byrja å studere igjen utan dette tilbodet

Fyrste kull med vernepleiarstudentar er i gang med distriktsvenleg undervisning i Setesdal. – Eg hadde nok ikkje blitt student igjen utan dette tilbodet, seier ein av dei nye studentane, Nicoline Kjær frå Hovden.

Distriktsvenleg utdanning er ei av løysingane for å skaffe nok arbeidskraft og kompetanse til kommunane. Sist ut er vernepleiarutdanning ved Campus Setesdal.

Monica Breive frå Evje og Nicoline Kjær frå Hovden er to av studentane frå Setesdal som no tek til på utdanninga. Dei arbeider båe i helsevesenet i heimkommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

UTDANNING: Framtidige vernepleiarar. Framme frå venstre: Camilla Homme, Mari Tveiten Hoslemo, Monica Brieve, Oda Håland Landås, Anette Nilssen Bjerland og Hege Therese Lindland. Bak frå venstre: Nicoline Kjær, Jenny Strømstad, Jenny Daasvatn, Ingrid Hodne og Camilla Svanajord.

– Eg valte utdanninga fordi eg er engasjert i å legge til rette for menneskje med funksjonsnedsetjing. Samtidig som ein kan bruke utdanninga i alt frå barnehage til eldreomsorg, seier Breive.

Det å kunne ta utdanninga kombinert med sitt daglege arbeid er også viktig for studentane.

– Eg hadde nok ikkje blitt student igjen utan dette tilbodet. Det er vanskeleg å ta steget tilbake til stipend igjen når ein er vant med full jobb, seier Kjær.

Campus Setesdal

Ingrid Hodne er tillitsvald for studentane, og seier dei er godt nøgde med opplegget så langt.

– Me starta med ei veke på Campus i Kristiansand og føler me har blitt tekne godt imot. Det er bra med eit slikt tilbod ute i distriktet som ein kan kombinere med jobb. Enten det er deltid eller fulltid, seier ho.

Elleve studentar har i haust teke til på den desentraliserte vernepleiarutdanninga som skal gå føre seg med samlingar på UiA i Kristiansand, og undervisning på Campus Setesdal ved gymnaset på Hornnes i tillegg til digital undervising.

Blir autorisert helsepersonell

Marianne Hovet Steig er oppvekstkoordinator for distriktsvernepleie ved UiA. Ho seier utdanninga fører fram til ein bachelorgrad og at ein blir autorisert helsepersonell.

– Løpet er på 4,5 år og tilsvarer 75 prosent av eit vanleg studieår. Ein veit at studentar som har praksis i eit distrikt, ofte blir i distriktet. Då er det ein tanke at me er med på å auke kompetansen i kommunane, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

UIA: Marianne Hovet Steig er studiekoordinator ved UiA og seier at det er liknande tilbod i regionane Lister og Østre Agder.

Distriktsvenleg utdanning er eit tilbod frå Setesdal Interkommunalt politisk råd (SIPR) i samarbeid med Universitetet i Agder.

Rita Hansen i SIPR seier dei er godt nøgd med talet på søkarar.

– Det starta med tilbod om distriktsvenleg barnehagelærarutdanning, som har gått greitt, sjølv om det er sårbart. Målet er at det skal vere eit kull og me er fornøgde med god søknad. Samtidig jobbar me også for å få til eit tilbod om sjukepleiarutdanning, seier ho.

Viktig kompetanse

Politikarane er nøgde med å få så mange søkarar til eit fag der kommunane har eit stort behov for fleire fagfolk.

CAMPUS HORNNES: Rita Hansen frå regionrådet, Britt Ingrid Andersen ved Setesdal VGS, Marianne Hovet Steig frå UiA, Sigbjørn Åge Fossdal og Svein Arne Haugen.

Ordførar i Bygland, Sigbjørn Åge Fossdal, seier kompetanse, saman med reiseliv og stadsutvikling er eit av tre satsingsområde for regionrådet.

– Det er ein stramt arbeidsmarknad og mangel på arbeidskraft i helsesektoren. Difor er dette eit viktig studie for å få tak i kvalifisert personell, seier han.

Ordførar i Evje og Hornnes, Svein Arne Haugen er einig, og seier det er mangel på vernepleiarar i kommunane.

– Det er eit viktig tilbod for dei som ikkje har muligheit til å reise vekk og studere, seier han.