Geir Daasvatn med dei fire bøkene ”Setesdal - slik eg såg han”. Dette er fotografiske blinkskot med alt frå landskap og kulturminne til bygningar, grender og gardstun i heile dalen, ei bok for kvar av kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes.

Han vil gjere oss stolte av Setesdal

-Me har det så godt, og bør kanskje klage mindre. Her er så mykje å glede seg over, seier Geir Daasvatn som nyleg har gitt ut den fjerde og siste boka i serien med fotografiske blinkskot frå kommunane i Setesdal. Det har ikkje berre blitt eit vakkert dokument om landskap og kulturminne i det flotte dalføret vårt, men også ei påminning om kor viktig dei små detaljane i dagleglivet kan vere.

Geir Daasvatn er verkeleg ein samansett natur. Han er fotballspelaren som i si tid viste så stort talent at han vart henta inn til sjølvaste Manchester United og ungdomsstallen der. Heimlengt til noko som var viktigare enn karriere i Premier League gjorde at tenåringen frå Horn-nes nokså fort kom heim att. Fotballskoa la han likevel ikkje på hylla. Då Otra IL var nede i ein bølgjedal, valde han i staden å bli stjerne i 5.divisjonsfotballen i Hægebostad!

Det heldt han på med i fleire år og kombinerte fotballinteressa med jusstudiet. Han vart juridisk rådgjevar hjå Fylksmannen i Vest-Agder og heldt seg der til sjukdom og helsesvikt for alvor melde seg i 2006. Det endra livet for Geir Daasvatn, men om han etter kvart vart uføretrygda og måtte sjå yrkeskarrieren fare, fann han mykje å glede seg over.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit eventyrland

I dei fire fotografiske perlene av bøker som han no har gjeve ut, ei for kvar av kommunane i Setesdal, hyllar han både naturen, landskapet, bygningskultur og andre kulturminne. Han let oss få innpass i eit eventyrland med fokus på detaljar, slik berre ein god fotograf kan greie det.

Geir Daasvatn bruker tid i bøkene på å understreke at han eigentleg ikkje er nokon fotograf med talent for dette frå barns bein av, men han fann gleda i fotografering etter at sjukdom hindra han i andre gjeremål. Resultatet er likevel så godt at både profesjonelle fotografar og folk flest bør la seg imponere.

Dei små tinga

-Eg kan glede meg over små ting, og eg treng ikkje å oppnå noko stort

verken som advokat eller fotballspelar for å kjenne meg glad, skriv han og legg dessutan til at han har den best jenta og kjærasten han kunne ”håpe å treffe i livet”. Det er ei skikkeleg kjærleikserklæring til Rita Flottorp!

Geir Daasvatn har gjennom fotograferinga fått sterkare interesse både for Setesdal, kultur og tradisjon og dermed også for historia. Det har gjort at han med åra også har blitt ein viktig bidragsytar til det digitale leksikonet Setesdalswiki som Harald Haugland i si tid fekk i gang.

Der skriv Geir om alt frå gamle hoppbakkar og store idrettsprestasjonar til gamle bygningar og folk som set farge på dalføret.

Tar kostnaden sjølv

Dei gode bileta har likevel blitt det viktigaste kjennemerket hans. Han er stadig jamnt å sjå med fotoaparatet der det dukkar opp spesielle hendingar. Gjennom mange år har han altså halde det slik, og blitt stadig meir engasjert. Resultatet er dei fire bøkene han no har gitt ut for eigen kostnad og risiko. Det har blitt kulturhistoriske meisterverk med flotte innslag frå Kilefjorden i sør til Bjåen i nord. Han har farta frå åsar og dei låge heiane i Evje og Horn-nes til høgfjell og vidder øvst i dalen. Sjølv seier han at han har vore meir i dalbotnen enn i høgheia, naturleg nok, men biletsamlingane er så varirte og innhaldsrike at det beint fram er ein hugnad å bla seg gjennom dei. Inndelinga med ei bok for kvar kommune bør også vere praktisk og god for den lokale marknaden.

Tunet i Geiskeli

Her kan byklarane finne alt frå kunstnarlege glimt frå kraftutbygginga til oversiktsbilete over fjellandskapa og detaljrik tunskipnad i Geikeli eller Berdalen. Han viser kor bratt det eigentleg er både i Hoslemo og i Bykle kyrkjebygd eller kor vakker ei gammal, umåla stove i Stavenes kan vere, grenda som kanskje har hatt busetnad frå før år 1000. Her er like vakre glimt både frå Nordbygdi som frå Trydal. Med Geir Daasvatn som los blir ein ikkje berre imponert over alt han har funne, men nesten litt stolt over å få vere ein del av den felleseiga som det vakre dalføret vårt representerer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skal kjenne seg stolte

-Det er det eg håper på, at folk skal kjenne seg litt stolte over kor vakkert me har det når dei blar i desse bøkene, seier Geir Daasvatn. Han har lagt mykje arbeid i å skaffe seg bakgrunnsstoff om mange av dei stadene han har fotografert.

I Valle-boka hans dreiar det seg naturleg nok mykje om spel og dans, bunad og hardingfele, men også eit fotografisk blinkskot av eventyrslottet ”Sølvgarden” på Rysstadmo i kveldsmørkret eller ”Natt under Rysstadåsen”, ei bygd fotografert frå Bjørgumsida langt vakrare enn ein kanskje tenkjer seg i det daglege.

Her er gamle bruer og nedlagde vegar som likevel er ivaretekne som kulturminne. I Bjørgedalen på austheia har han vore og langs Brokke-Sule-skarvegen, men også i Valle-bygda med Harstad, Åkre, Kjelleberg og Kyrvestad. Han har fotografert verdas største munnharpe ved Valle skule i kveldsmørkret, men også bua under den store steinen i Åmli.

Bygland utan fjorden?

Kva ville Bygland ha vore utan Byglandsfjorden? Geir Daasvatn har mange av motiva sine knytta til strendene og idylliske sund og viker der. Men detaljar både frå Frøyrak og Fånekleiva fyller ut biletet av kor vakkert det kan vere i denne kommunen. Her er idylliske byglandsbygda i kveldslys, men også sommarleg myrull på støylen Øy på Jordalsheia eller sommarblomar på Øvre Haugå.

Her er mykje fossefall frå Bånefossen i Søråni i Jordalsbø eller Skrelandsfossen. Endåtil Nevisfossen i Grendi har han fått med seg.

Både vakre sommarkveldar i Åraksbø og kulturlandskapet med gardstun og kyrkje på Sandnes er med. På Nordgarden på Skomedal og på Frøysnes er det detaljerte tunlandskap som dominerer. Ikkje verken Ose, Moi eller Heggland og Lang-eid er gløymde for å gjere rett og skjel i den vidstrekte Bygland kommune.

Heimkommunen i sør

Den første boka Geir Daasvatn gav ut i denne serien var bilete frå heimkommunen hans Evje og Hornnes. Dit kom han i 1975 og fekk ungdomsår og vaksenlivet der etter å ha starta i Odda i Hardanger der faren var tannlege. I starten her sør kjende ikkje Geir nokon sterk dragnad til Setesdal og kulturlivet der. Difor var interessa hans første tida mest knytta til eigen kommune. Der har han nok også etter kvart hatt eit rikt biletmateriale å velje i, for det er mange prakteksemplar som har fått plass i boka. Alt frå vinterutsikt frå Hornåsen mot Breiflå til idylliske Årekleppvatn innanfor Gautestad. Her er glimt frå Evje sentrum og Evjemoen, men også frå grender ein i det daglege lite kjem på. Her er Kjebekk og Li, her er Yksenskor og Øvre Dåsvatn, Birkåsen, der kunstnaren Salve Birkås var fødd, og Hornnes kyrkje i eit eventyrleg kveldsljos. Også denne første boka i serien er full av høgdepunkt for den som gir seg tid til å nyte både bileta og dei innhaldsrike tekstane.