Vilde Haugjord Refsnes (t.v.) og Edvina Hadzic på klesbutikken Stylt har merka pågangen av både fastbuande, turistar og andre som er på handletur i Evje sentrum. -Det er ikkje så ofte me har tilbod på heile butikken, så me har merka godt den store pågangen i går og i dag, seier Hadzic. Ho opplever at folk er flinke til å tenke på smittevern og å halde avstand til kvarandre.

Handelsfest på Evje ut veka!

Dei årlege Evjedagane tok til onsdag, og varer til og med søndag. Alle butikkane på Evje byr på både gode tilbod og utvida opningstider. Fordelt over fleire dagar gjer Evjedagane til ei trygg oppleving for alle som tek seg ein tur til sentrum og Verksmoen desse dagane.

I dag, fredag er det opent til klokka 18, i morgon til klokka 16, og på søndag går handelen i dei fleste butikkane heilt til klokka 18.

”5-shoppers”

Evje Handel og Serviceforening byr på kampanjen ”5-shoppers” under Evjedagane. Der er kundar som handlar på fem butikkar eller medlemsbedrifter med i trekninga av Visa-gåvekort på 5.000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Serveringsstadene Pernille, TipTop, Evje Kiosk (Bua) og Spisekroken er også med på ordninga.

– Mest turistar

På Kleshjørnet har Monica Alice Winther merka pågangen av tilreisande.

– Det har helst vore turistar som har handla her til nå under Evjedagane, seier butikksjefen.

Mange kikkar etter sommartøy og plagg som er litt meir fargerike nå som sommaren er godt i gang.

– Folk er på godt humør og er kjøpelystne. Det er mange bobilturistar som er innom nå om dagen, og det er me veldig glade for, seier Winther.

På disken viser ho fram Kleshjørnet sin eigen konkurranse under Evjedagane, der alle kundane kan vinne eit gåvekort på 1000 kroner.

– Det er moro med 5-shoppers, men her har me også vinnarsjansar til dei som ikkje handlar så mange andre stader, seier ho.

Det var ein svært godt start på handelsdagane på Kleshjørnet onsdag, før det vart ein litt rolegare torsdag med stengt riksveg. -Det tar seg nok veldig opp fredag og laurdag, så det er me godt førebudde på, seier Monica Alice Winther.

Det er meldt litt skiftande vêr i helga, men med god temperatur ligg det an til å kunne bli fleire fine handelsdagar for små og store på Evje.