TROLLAKTIVCUP: Turneringsleiar Kristian Tønnesøl håpar fotballcupen i indre Agder skal inspirere barn og unge til å halde fram med fotball. Her saman med Jannicke Bakke under fjorårets turnering.

Håpar på tusen besøkande

TrollAktiv Cup på Evje markerer starten på fotballsesongen. – Eit av måla med cupen er å inspirere både gutar og jenter til å halde fram med å spele fotball, seier turneringsleiar Kristian Tønnesøl.

Arrangøren er glad for at mange jentelag har meldt seg på, og at dei ligg framom skjema samanlikna med same tid i fjor. Turneringsleiar Kristian Tønnesøl seier fotballcupen som går av stabelen 22. april har mykje på programmet.

– Det er per no 31 lag som er påmeldte, men me veit også om fleire som kjem til. Så langt er me godt i rute og ventar fleire deltakarar enn på same tid i fjor. Me håpar det kjem over 1000 personar på besøk til Evje den helga, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

STADION: Fotballturneringa på Evje vonar å samle over tusen menneske den 22. april.

Suksess med blanda lag

I fjor hadde dei besøk av om lag 800 menneske som kjem frå store delar av Agder. Arrangøren Otra IL ynskjer å samle og stimulere fotballspelande barn og unge frå Setesdal og indre Agder til aktivitet.

– Me synest det er viktig å ha ein fotballcup i indre Agder som ligg nærmare for lag frå Setesdal, Eiken, Åseral og andre stader. Då det er lange avstandar. Me har også veldig tru på det nye systemet med mange mix-lag der gutar og jenter spelar på same lag. Elles er det gledeleg at det er mange jentelag som har meldt seg på i år, held han fram.

Fotball og anna moro

Det kjem lag frå både Lyngdal og Vindbjart og Torridal.

– Men me skulle ønske det kom endå fleire frå Kristiansandsregionen, legg han til.

Det blir også meir enn fotball denne dagen, og samarbeidet med TrollAktiv gjer at det blir fleire aktivitetar saman med sponsorane.

– Det blir leirdueskyting med laser, fotball-dart og bue-skyting. I tillegg til at det blir stilt ut traktorar frå den eine sponsoren vår. Elles riggar me opp eit stort mat-telt og det vil vere omkring hundre frivillige i sving på dugnad for Otra IL, seier Tønnesøl.

Starten på sesongen

Dei ønskjer at turneringa skal markere starten for fotballsesongen og at fleire barn og unge skal la seg inspirere.

– Det har jo vore ein nedgang i talet på aktive spelarar over heile linja, og i dei fleste klubbar. Difor ser me på det som ekstra viktig å starte med ei turnering som kan inspirer fleire til å spele fotball. No er me veldig gira for å gå i gang å få besøk av mange spelarar og tilskodarar til Evje. Det er bra for heile regionen og næringslivet på Evje, seier han.