I militærgrøne t-skjorter og namnelappar med ”kompanirekrutt” og ”oberst”, står 4. klasse ved Valle skule i ”i rett”. Frå venstre: Hildegunn Aurora Mendez-Bjørgum, Emilie Viki-Solli, Milla Helle, Victoria Straume, Grete Eiken, Henrik Johnson Homme, Eivind Austad Uppstad, Aron Sørmo og Ånond Johre-Øygarden. (Foto: Cecilie Kjørmo)

–Har aldri høyrt dei le så mykje

Det var ikkje noko ”kjære mor” når ”rekruttane” i 4. klasse ved Valle skule måtte ut i hinderløype, spionasje, flaggkrig og dimmekamp. –Eg har aldri høyrt dei le så mykje som under hinderløypa, sa kontaktlærar og ”oberst” Grete Eiken.

Ei heilt annleis skuleveke fylt opp av orden, kommando og strenge reglar. Kanskje litt utruleg at disiplin kan bli så moro som 4. klasse ved Valle skule opplevde det nyleg. Inspirert av Kompani Lauritzen på TV, og eit undervisningsopplegg av Gyldendal, kommanderte oberst Eiken rekruttane rundt i ”Kompani-skulen” frå tysdag til fredag.

Dei starta veka med å få utdelt ei militærgrøn skjorte og namneskilt som tente som uniform, og måtte fint vere lydige mot den strenge obersten. Orden og displin var tema for fyrste dagen, og då nytta det ikkje med støv og rusk i hyller og garderobar. Ingen fekk godkjent fyrste oppdrag før alt var strøkent, og rekruttane fekk på den måten smake på militær nøyaktighet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I hinderløypa var det om å gjere å kome seg fortast rundt løypa med kvar sitt glas med vatn. Mista dei ned til den første streken på glaset blei det +15 sek på tida. Frå venstre Aron Sørmo, Victoria Straume og Milla Helle. (Foto: Grete Eiken)

Gøy i hinderløypa

Dagen etter var det samarbeid i fokus. Elevane sjølv fortel at noko av det gøyaste var å prøve å kome velberga gjennom hinderløypa med eit plastglas fylt med vatn. Ikkje ein dråpe kunne gå til spille, for då vart det lagt til tilleggstid. Seinare på dagen vart dei kjende med å vere lydig mot ordre. Dei fekk ei liste med oppdrag dei måtte utføre, og ein av dei måtte halde kontroll på resten av gruppa. Kvar dag vart det utnemnd ein elev som skulle vere korporal neste dag.

Viljestyrke og strategi stod på agendaen nest siste dagen, og då fekk også dei unge rekruttane mykje å le av. Oberst Eiken og rektor skulle vere offer for spionasje. Oppdraget var å observere på avstand og notere ned alt dei to gjorde og tidspunkt. Sjølvsagt vart det difor ikkje vanleg kontortid framfor ein skjerm eller ved kopimaskinen, men pedagogane dansa, veiva med flagg og gjorde oppdraget krevjande for spionane som skulle notere alt som vart gjort.

Rekruttane måtte også kjempe på lag for å samle flest muleg flagg på 30 minutt utan å bruke klokke. Deretter vart det dimmekamp, før fredagen baud på eit siste oppdrag før diplom vart delt ut og rekruttane kunne ha ein triveleg dimmefest før helga. Litt trått vart det nok kanskje med vanlege skuledagar etter den kreative og actionfylte veka med militære utfordringar og konkurransar.

–Det var mykje som var veldig annleis denne veka, men det var med ein tanke om å øve på godt samarbeid. Elevane jobba med å snakke positivt til kvarandre, og med å dra kvarandre opp, seier Grete Eiken.

Ei grubleoppgåve, ”psykologisk krigføring”, og vinnarane var dei som løyste dei åtte ulike oppgåvene på kortast tid. Nederst Eivind Austad Uppstad, Ånond Johre-Øygarden, Emilie Viki-Solli og Hildegunn Aurora Mendez-Bjørgum. (Foto: Grete Eiken)