varaordførar Lars Reidar Vasland (Sp). Til høgre Ropstad sin partikollega Egil Kjebekk (KrF).
varaordførar Lars Reidar Vasland (Sp). Til høgre Ropstad sin partikollega Egil Kjebekk (KrF).

Har lagt varsla oppseiing ved Evje legesenter på is

Under kommunestyremøtet i Evje og Hornnes i dag kom ordførar Bjørn A. Ropstad (KrF) med melding om at lege Ole Kjell Gundersen har utsett den varsla oppseiinga si av stillinga ved Evje legesenter. Det har han gjort i påvente av nye forhandlingar med kommunen.

Bakgrunnen for Gundersen si avgjersle er eit møte ordføraren og kommunestyrerepresentant Søren G. Hodne (Sp) har hatt med legane på legesenteret.

- Me ville beint og greitt vite kva som var problemet, kva som må til for å finne ei løysing, sa Ropstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kritikk

I salen retta fleire kritikk mot handlemåten til ordføraren.

- Saka handlar om at folk må kunne ha ein lege dei har eit forhold og tillit til. Slikt kjem over tid. Ap si haldning er at ein veit ikkje kva ein har før ein mistar det, sa Line Kysnes Vennesland.

- Dialog er bra, men eg reagerer også på at referansegruppa ikkje var med, sa Jan Kristensen (H).

- Ordføraren plar vere konsensusorientert, men har sanneleg ikkje vore det her. Dette er kritikkverdig, meinte Tom Roger Øydne (H).

Ordføraren kom ikkje med noko direkte svar på kritikken. Både han og andre i salen peika på at sjølv om ein no har fått tid til ein "ekstrarunde", blir det viktig at den nye administrasjonssjefen tar tak i saka så fort han er i gang på nyåret.

- Me må ikkje gløyme at me treng legane. Dei er dyktige, og dette handlar om tryggleiken for folk flest, sa Glenn Cato Christensen (V).