HELLE: Det var ein drusteleg flokk av Helleslekta som tok imot det gamle loftet. Frå venstre: Birgit Annette Helle, Harald Åge Helle, Amanda Helle Dutton, Anlaug Madsen Helle, Siv Madsen Helle, Aslaug Madsen Helle,Tone Madsen Helle, Tor Espen Helle, Syvert Helle Åsen, Anne Sofie Helle Dutton, Ingebjørg Madsen Helle. Framme sit Ann Helen Schage med Regine og Lars Schage.

Heddisloptet er heimkomen: Vart feira med spel, stev og dans

No er Heddisloptet nyrestaurert og attende på opphavlege tufter. - Det er så gama som det kan vere, seier Harald Åge Helle, som no er eigar av det historiske bygget.

Det vart fest på Helle då riksantikvaren offisielt overlet loftet frå 1500-talet til Harald Åge Helle. No står det nyrestaurert på dei tuftene som det vart bygd på i 1582.

Han bur på garden «Der nede» på Helle, og har no fått det attende av Riksantikvaren. Loftet vart seld i 1975 under noko dramatiske omstende, og flytta til Snarøya. Før den tid hadde det vore flytta ein gong på Helle, men er no attende på garden det vart bygd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein kunne sjå på huset at det mangla noko. Det vart ikkje sett inn glas i den veggen som loftet sto med. Difor er det gama å få det attende, seier Helle.

Bygget er freda og restaurert, og Helle kjem no til å nytte det til oppbevaring av gamle ting.

FESTDAG: Med flagget til topps vart Heddisloptet si heimkoming feira av store og små. Frå venstre: Amanda Helle Dutton, Ingebjørg Madsen Helle og Tone Madsen Helle og Tor Espen Helle.

Sto for nære gamlevegen

Attendeføringa kunne nok ha kome i stand noko før, men sidan huset til Helle sto for nære den gamle riksvegen, let det seg ikkje gjere å flytte loftet attende på dei gamle tuftene før det no har kome ny veg gjennom grenda.

Aadne Sollid frå fylkeskommunen fortalde at siste hand på restaureringa vart klart like før overtakinga.

– Steinhella framfor loftet kom på plass på morgonen idag, og torva vart lagt på sist fredag. Det har blitt jobba godt for å få det ferdig som planlagd, sa han.

Kjell Andresen tala om lofta som det gjevast huset på garden før i tida.

– Idag visar folk fram stovene sine. Men på 1500-talet då folk budde i årestover var loftet det finaste rommet. Der var det reint og ein oppbevarte mat og klede. Lofta var prestisjebygget på garden, med mykje utsmykking og fråseggjorte detaljar. Det var det som skulle visast fram, sa han.

VERNEVERDIG: Assisterande Riksantikvar, Audun Skeidsvoll inspiserer Heddisloptet med Anders og Eivind Dalseg, som er to av dei mange som har fått det gamle loftet i stand.

Endra lovverk

Assisterande riksantikvar, Audun Skeidsvoll slo an tonen med eit heimelaga stev etter melodi av Håvår Hedde før han fortalde om gleda over at Heddisloptet var ført attende til Setesdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er godt for loftet å kome heim, særleg når det er så sterkt ønska. Takka vere gode handverkarar er det sett i stand, og det er mange som gler seg over at Heddisloptet er tilbake. Loftet har hatt det bra der det har vore, men sto håplaust utanfor sin samanheng. Det var eit dramatisk avskil i 1975, men ingen hadde gjort noko gale etter dåtidas lovar. Det hadde ikkje gått i dag, då eit loft frå 1500-talet ikkje er kva som helst, sa han.

Skeidsvoll sa saka om Heddisloptet fekk ei rolle i utforminga av politikken og nytt lovverk for vern av freda bygningar.

GÅVEBREV: Harald Åge Helle får det synlege provet på at han no eig Heddisloptet, som har kome tilbake til gards.

Høyrer til landskapet og kulturen

Ordførar i Valle, Steinar Kyrvestad lika at loftet var attende på garden i ei levande bygd.

– Det er ikkje som før at dei gamle bygga vert samla på museale kyrkjegardar. Her ser ein korleis bygningen står i landskapet og kulturen, og at dei høyrer saman, sa han.

STOR DAG: Isabel Rasmussen Schage, Ann Helen Schage og Mari Helle Åsen ved det over 400 år gamle loftet.

Leiar ved Setesdalsmuseet, Leonhard Jansen sette Helle inn i eit historisk perspektiv då det er ei grend med mange gamle loft.

– Fyrste gongen vi høyrer om Helle er i 1479. Namnet har kanskje opphav i Heddessteinen som ligg sønnafor Haugan, og er ein stor stein med eit holrom under. Ein heller, der det er mogeleg å kome innunder, sa han.

HEDDE: Det var godt oppmøte då Setesdalsmuseet inviterte til den høgtidlege overføringa av Heddisloptet.

Dagen vart feira med spel, dans og song. Birgit Annette Helle og Ann Helen Helle Schade song både gamle stev og nye stev laga av Hallvard T. Bjørgum.

Gunnar Stubseid spela Skjoldmøyslaget, medan Tor Espen og og Birgit Annette Helle dansa gangar til ære for at Heddisloptet no har kome heim for godt.

Artikkelen held fram under annonsen.

KULTUR: Det vart stev, song og dans i høve den spesielle dagen. Gunnar Stubseid (t.v.) og Birgit Annette Helle.