Det er så fantastisk at ein skule tilpassar og legg til rette, så det kan øvast i fleire veker, slik det har blitt gjort ved barneskulen på Byremo i vekene før jul. Og øvinga har verkeleg ført fram – for julespelet framstod som umåteleg proft!

Heile skulen i same julespel!

Det er tysdag 20. desember, glatte vegar, og julehøgtid rett rundt ein sving. Mange vaksne er no inne i ein svært kritisk fase. Julegåver, julevask, julebakst, julepynt, juleglede, julebord, julelunch, julekort, julefred, julestress, juletre – og for ikkje å gløyme juletrefot! Det er også tida for skule-julespel.

Eg er mamma'n på bakerste rad. Rekk det akkurat. Flaks. Forestillinga heiter «Tor og Tids-tyvane». Det handlar om Tor og familien hans som flyttar til ein ny stad. Tor skal finne ut av den nye kvardagen med ny skule, nye vener og ny heim. Det er ikkje berre lett.

For det fyrste er familien hans ikkje tilstades. Mor er berre opptatt av å få publisert #famileidyll på instagram, broren gamer, syster blogger, far ser nyheiter, og til og med husets baby let seg underhalde store delar av døgnet med mobil….. Dette frustrerer Tor, og han set ord på det med å kalle heile den digitale pakka for TIDSTJUVAR.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kule kostymar, utallige sceneskifte, lyd og lys, replikkar kjem som perler på ei snor undr julespelet på Byremo.

Mobba på skulen

På skulen vert han mobba fordi han ikkje går med «rette klede» og har annleis dialekt, og det vert spreidd stygge ting på sosiale medier om han. Han finn heldigvis ein ven, og dei har felles interesse i leik og fysisk aktivitet. (Noko dei også vert mobba for.)

Me får innsyn i den lokale «gamleheimen», og der er det mykje både livsvisdom og livsglede!

Innslag av søte ballerinaer, nissar, dansande snømenn og stemningsfulle vinterlandskap, gjer det heile til ei komplett juleforestilling.

Det endar godt

Og best av alt – historia ender bra! Mobbarane tek til fornuft og ser at dei har vore stygge. Familien innser at dei ikkje har teke seg tid til å berre vere saman. Og venen til Tor, som ikkje har råd til å feire jul, får no feire jul saman med Tor og familien!

Lykkeleg slutt er jo alldeles herleg! Men mine tankar sluttar ikkje her. For eg er proppfull av tankar, kjensler og refleksjonar.

Elevane gjorede kvarandre gode og skapte meistringsfølelse både under innøving og framføring på Byremo.

69 i same skodespel

TENK at lærarar på ein barneskule trommar saman absolutt heile flokken med elevar på 69 i talet, og alle deltek i eit og same skodespel!!! (på grensa til galskap)

Det er så fantastisk at ein skule tilpassar og legg til rette, så det kan øvast i fleire veker!

Og øvinga har verkeleg ført fram – for det heile framstår som umåteleg proft! Kule kostymar, utallige sceneskifte, lyd og lys, replikkar kjem som perler på ei snor, fantastiske rolleinnlevingar, solosong og dans…. Alt berre sklir i kvarandre. Å eg tek meg i å le høgt, turke eit par tårer, klappe uhemma, å tenke viktige tankar om livet – alt dette på bakerste benk, på ei forestilling framført av born på Byremo barneskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vesle, rare, trivelege Byremo - ein prikk på kartet.

Føler seg truffen

Frå denne prikken vart det i dag spreidd ut gode verdiar, glede, ettertanke, samhald og mykje, mykje meir. Ein føler seg truffen, tidstjuvane fins. Kor mykje skal me la dei stele frå oss? Av tid, merksemd, sjølve livet?

Dei eldre får spele ei viktig rolle i historia, oldemor seier eit par sannhetsord om grunnleggande verdiar og korleis ein skal te seg i livet.

Ein får sjå anger og forsoning og ny start, akkurat slik livet kan og bør vere. Den raude tråden om å vere seg sjølv, og ikkje la seg styre av andre sine meiningar er særs viktig – dette gjeld for alle generasjonar.

GRIPANDE SCENE. Nydelege jenter frå fleire ulike land i verda gjekk saman i dette ballerina-innslaget under julespelet på Byremo.

Gir meistringsfølelse

Og for ei meistringsfølelse elevane må ha fått! Eg er så imponert! Både over dei som hadde synlege roller med mikrofon og rampelys, men og dei som var mindre synlege – der krevst det stort tålmod og ro. Me snakkar om born mellom 6 år og 12 år……

For meg vart den mest gripande scena likevel ei «ballerinascene». Ein bodskap når fram utan bruk av ord. Eg ser nydelege jenter frå fleire ulike land i verda, iført lyse klede med felles oppgåve denne kvelden. Fleire av desse jentene har måtta forlate alt dei eig og kjenner som trygt. På flukt. Deira heimland er ikkje lenger det dei kjenner – og deira nye heimland er heller ikkje det dei kjenner. Så står dei her på scena i kveld, saman med alle dei andre jentene. Dei smiler. Til oss og til kvarandre. Og eg sit att med ei blanding av sorg og håp, og vel å halde på håpet.

TAKK Byremo barneskule – elevar og lærarar, for denne forestillinga! Det var magisk!

Vonar alle har hatt ei julehøgtid med gode stunder – saman!