Jørgen Lien og Marthe Undeland Heisel har rigga butikken klar for handelsdagane Heilt Vilt på Evje denne helga.

Heilt vilt på Evje i dag

– Det er ei fantastisk bygd me har, og på slike dagar får me vist ho ekstra fram, seier Jørgen Lien på Intersport i Evje sentrum. I dag startar handelsdagane Heilt Vilt på Evje.

Jørgen Lien fortel at det er mykje som er ulikt i år frå dei siste to åra. Butikkane opplever ei meir normal tid, noko som betyr mindre uro for nedstenging og folkemengder, men samtidig mindre handel enn det mange av dei opplevde under pandemien.

– Om det blir litt roleg nå, så er det mange som toler det etter dei siste to åra, seier Lien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han peikar på at all aktivitet i bygda er bra, og at både små og store bedrifter er viktige for Evje.

– Me har ei fantastisk bygd, eit knutepunkt der folk møtes både frå Setesdal, Åseral og indre bygder elles. Du ser skiltet til Evje frå alle stader, seier Lien.

I haustferien har dei merka mykje til hyttefolket og ferierande i kommunen, mange av dei på jakt etter gode tilbod på butikkane. Og gode tilbod er berre ein av mange ting Jørgen Lien på Intersport kan hjelpe kundane med under Heilt Vilt på Evje i helga.