Asger Søttrup (81) med butikken i Iveland full av landbruksutstyr og brukhandelsvarer som skal seljast eller auksjonerast bort laurdag 26. juni då det er venta at mange vil ta seg ein tur til Iveland for å vere med på moroa. Her med ei italiensk motorsag.

Held stor auksjonsdag i Iveland

Asgeir Søttrup (81) er ein kjend mann i landbruksmiljøa i indre bygder. I over 30 år har han drive Iveland Landbruksverksted og stilt trufast på messer og utstillingar der bønder og anna godt folk samlast. Men no er det slutt. Laurdag 26. juni held han utsal og auksjon over varer som han framleis har att.

Der blir det råd å skaffe seg alt frå italienske motorsager og indonesiske møblar til tradisjonelt verktøy og landbruksutstyr. Her er slåmaskinar og jordfresarar, olje og bensin til motorsager, vedsekker, endåtil ein liten traktor som skal ut om det viser seg å vere interesserte kjøparar. I tillegg til alt landbruksutstyret overtok Asger Søttrup brukthandelen i den gamle banken på Birketveit for ei tid sidan. Dette saman med alt det han hadde frå før av ting og tang har gjort at den gamle butikken ved vegen mellom Birketveit og Skaiå er temmeleg fullstappa før utsalet startar om nokre dagar. Laurdag 26. juni skal det altså avsluttast med stor auksjon med den taleføre Sven Hillestad som auksjonarius. Det kan bli underhaldning som etter alt å døme vil tiltrekke seg mykje folk.

Asger Søttrup i Iveland har framleis ein liten traktor han vil by fram for salg når folk samlast utanfor butikken til stor auksjon laurdag 26. juni.

Eit visst vemod

Asger Søttrup ser fram til å få tømt lokalet. I bakhovudet kjenner han nok likevel på eit visst vemod. Det er ikkje berre eit livsverk som forhandlar av både landbruksutstyr og mangt anna han no avsluttar. Prosessen som no er i gang, heng saman med at han for snart 3 år sidan mista einaste sonen Peter. Peter hadde sagt ja til å overta verkstaden og hadde alt skaffa seg ry som ein førsteklasses mekanikar då han vart alvorleg sjuk og døydde. Det sette ein stoppar for Asger Søttrup sine planar om å pensjonere seg. Framleis driv 81-åringen difor i butikken nokre timar mest kvar einaste dag. Kaffistund med gode sambygdingar tek han seg også tid til, men forretninga vil han helst få trappa ned så mykje som råd er.