Både Trine Rein og Lars Monsen kjem til Eikerapen i august under Villmarksdagene Høyt og Vilt. –Eg trur det er viktig at folk har noko å gle seg til, difor har me vore tidleg ut med å avsløre litt av programmet for festivalen, seier medieansvarleg for Høyt og Vilt, Per Thunstad.

Villmarksdagene: –Her blir det mykje å gle seg til

–Trine Rein kjem med fullt band på laurdagen, og Lars Monsen blir å sjå på Eikerapen heile helga, fortel Per Thunstad som nå vil få folk til å gle seg til Villmarksdagene Høyt og Vilt på seinsommaren.

–Me har som dei fleste vore sterkt prega av pandemien, men me synest at det er viktig at folk får noko å gle seg til nå, seier Per Thunstad.

Villmarksdagene Høyt og Vilt på Eikerapen blir siste helga i august, men alt nå er ein del av programmet klart.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Lars Monsen er ein kapasitet i seg sjølv. Han skal halde foredrag om ”Mitt liv”, som også var tittelen på boka hans, og blir på Eikerapen heile helga, seier Thunstad.

Trine Rein byr på det musikalske på laurdagen, og har med seg fullt band til Eikerapen.

Men det er friluftsliv og villmark det i hovudsak skal handle om i Åseral i august.

–Naturen er så flott om hausten, og me håper også at samfunnet ser litt annleis ut når me nærmar oss september, seier Thunstad.

Også i fjor vart det gjennomført villmarksdagar i Eikerapen, trass i restriksjonar og krav om smittevern. Det gjev Thunstad håp om at det kan bli plass til endå fleire i år når mange er vaksinerte.

Over 2000 besøkande

–Me ser for oss å ta imot 2-3000 menneske på Eikerapen den siste helga i august. I fjor måtte me halde oss til 200 om dagen. Me håper jo at det er ein meir normal situasjon denne gongen, seier han.

Thunstad ønskjer difor å invitere heile Setesdal og indre Agder elles til ei helg spekka med innhald for dei villmarksinteresserte. Det blir Lars Monsen og Trine Rein, hestekøyring, viltbuffet, messeboder med villmarksutstyr, helikopterturar og fleire personar og aktivitetar som endå ikkje er avslørte.

–Dette blir garantert noko å gle seg til, seier Thunstad.