SUMPEN: Fagleiar Sonja Lien Skjevrak fortel om planane for Presteneset på Bygland.

Her kan det komme butikk og bustader langs fjorden

Presteneset på Bygland skal bli møtestad for innbyggjarar og tilreisande, om kommunen får det som den vil.

Det blir for tida fylt på med masse, og arbeidd med å utvikle det som tidlegare vart kalla «Sumpen» på Bygland. Området mellom riksveg 9 og fjorden ved Bygland sentrum blir opparbeid med tanke på både bustader og næring.

Fagleiar for plan i Bygland kommune, Sonja Lien Skjevrak fortel om framdrifta til området som skal få avkøyring frå riksveg 9, og veg ned mot fjorden etter at det kjem rundkøyring i krysset ved Bygland kyrkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vil vere positivt for trafikkbiletet, og gjere Presteneset meir tilgjengeleg for mjuke trafikantar, seier ho.

Bustader langs fjorden

Tomta på Presteneset er no under arbeid, og kjem til å sjå slik ut ei tid framover. Kostnaden for prosjektet har eit budsjett på 1, 2 millionar kroner.

– Sidan området har noko ustabil grunn, vert det lagt på ei overfylling for å stabilisere. Det blir følgd opp med kontrollmålingar over tid for å sjå at det er stabilt, seier Skjevrak.

Planen er å legge til rette for bustad og næring på Presteneset, og kanskje ein kombinasjon. Det er næring knytt til varehandel og reiseliv kommunen har i tankane for ei eventuell etablering.

– Me ynskjer at private aktørar skal melde si interesse og kome med sine idear. Det har alt kome signal frå nokre interesserte, men vi vil gjerne høyre frå fleire, held ho fram.

I reguleringsplanen er det lagt opp til bustadtomter langs fjorden sørover ved prestegarden, og her vil det også vere opent for utbyggjarar å melde si interesse.

– Målet er å skape eit område som kan halde fram den gode aktiviteten som alt er i området ved brygga, museet og prestegarden, seier Skjevrak.

GNIST: Fagleiar Sonja Lien Skjevrak seier prosjektet er ei vidare utvikling av dei tilboda som alt er på Presteneset.

Einige om bruken

Tidlegare var det omdiskutert å bygge noko på den såkalla sumpen på Presteneset, men det har med åra blitt semje om å ta området i bruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har ikkje vore noko tema no, og politikarane har vore innstilt på å bruke området, legg ho til.

Innovasjonsprosjektet Gnist som vil skape det gode livet rundt Byglandsfjorden, er eit prosjekt som Bygland kommune starta saman med Setesdal vekst.

Målet med prosjektet er å legge til rette for stad- og næringsutvikling i kommunen saman med innbyggarane og næringslivet. Agder fylkeskommune er også ein god samarbeidspart i prosjektet.

– Det har vore ein ny måte å arbeide på, som ein ynskjer å vidareføre i planarbeidet. Det har vore godt samarbeid mellom innbyggjarane og kommunen. I alle medverkinga frå innbyggjarane har det vore attraktive bustadtomter langs fjorden som har blitt nemnd mest, seier Skjevrak.

– Målet er også å få eit område som gjer at reisande stoppar opp i Bygland, og at det vil føre til meir besøk også til sentrum på andre sida av riksvegen, legg ho til.