Dei trivest på Fjellgardane skule! Framme Tora Haugsgjerd (t.v.) og Sofia Celine Severinsen, og bak Jonas Egeland (t.v.) og Grunde Lillemo Mundal. (Foto: Bykle kommune)

– Her trivest elevane

– Skal ein døme etter tilsette og elevar, så er Fjellgardane skule ein god stad å vere, slår rektor Rønnaug Torvik fast.

Ho er rett nok rektor bare ut skuleåret, men legg ikkje skjul på at det blir ”dauvelegt” når ho sluttar.

– Alt har si tid. No er me spente på kven som tar over, og håpar at mange gode søkjarar kan tenke seg å vere rektor øvst i dalen, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rønnaug Torvik går av som rektor ved Fjellgardane skule til sommaren, og håpar ein engasjert og ivrig ny rektor er på plass frå hausten av. (Foto: Bykle kommune)

Fast utedag

I tillegg til vanleg skule i vanlege klasserom er elevane i 1.-7. klasse ved Fjellgardane skule også ”friluftsfolk”!

– Me har fast utedag ein dag i veka, og nyttar elles naturen rundt oss så jamnt me kan. Det er både ein sunn aktivitet og fine avbrekk frå den tradisjonelle undervisninga. Mitt inntrykk er at både tilsette og elevar set pris på variasjonen, seier Torvik.

Ein liten rundtur på skulen og i uteområdet viser eit levande og innhaldsrikt skulemiljø. Elevar i full sving med alt frå ballspel til skileik vinterstid.

– Også for dei tilsette er skulen ein god stad å vere. Me trivest i lag, og elevane er med på å gjere alle sin dag god, seier rektor Rønnaug Torvik.