– Innhaldet i heftet om Lars Bristol handlar i realiteten ikkje om Hornnes, men om verdshistorie, skriv Geir Daasvatn om heftet som Evje og Hornnes sogelag no gir ut om honndølen som fann opp glødetråden.

Honndølen som gav oss elektrisk ljos

Endeleg blir historia om Lars Bristol fortald! Sigurd Haugsgjerd har skrive ned historia om det tekniske geniet Lars Bristol, husmannssonen frå Hornnes som fann opp glødetråden som bana veg for glødelampa til Thomas Alva Edison.

Heftet har fått tittelen «Lampelys utan rampelys». Lars Bristol blei ikkje kjend for den bragda han stod for. Heller ikkje i dag har han fått den æra og det ryet han fortente, skriv Sigurd Haugsgjerd.

For glødelampa skapte ein elektrisk revolusjon i si tid. Ja, oppfinnaren frå Hornnes var med og skapte ein nesten dramatisk skilnad i samfunnsutviklinga på linje med Gutenberg sin boktrykkarkunst eller nokre av dei fremste medisinske oppfinningane, hevdar Sigurd. Lars Bristol fekk minst like mykje påverknad på samfunnsutviklinga som Jørgen Løvland, den mykje meir berømte bondesonen frå nabobygda Evje, meiner han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spennande lesnad

Eg kan ikkje gå i detalj om livet til Lars Bristol her. Du kan lese mykje om det i det vesle heftet. Det er spennande som ein kriminalroman, og ført i pennen av Sigurd i eit levande nynorsk språk. Eg nemner bare at Lars Bristol var fødd som husmannsson på husmannsplassen Breistøl på Kjetså i Hornnes, og døydde i London i 1924. Han viste alt frå tidleg barndom tydelege teikn på heilt uvanleg teknisk innsikt. Den grunnleggande utdanninga si fekk han på det statlege marineverftet i Horten, der han var i seks år.

Glødetråden

Arbeidsgjevaren til Lars Bristol i England vart etter kvart oppfinnaren og vitskapsmannen Joseph Swan. Han dreiv ein lampefabrikk. Her arbeidde Lars intenst saman med Swan for å utvikle glødelampa. Den store oppdaginga til Lars blei ein ny, tynnare glødetråd. Det var nettopp den brikka som mangla i puslespelet for at konkurrenten Thomas Alva Edison skulle kome i mål med glødelampa.

Det blei strid mellom Edison og Swan om kven som eigentleg hadde utvikla glødelampa. Husmannsguten frå Hornnes tala ingen om. Men nå kjem altså endeleg historia om Lars Bristol fram i lyset igjen, og den heilt avgjerande innsatsen hans for at denne store oppfinninga for menneska kunne skje.

Verdshistorie

Heftet er lite og hendig, men tettpakka med interessant innhald. Det er pryda med historiske bilete og teikningar. Evje og Hornnes sogelag er utgjevar. Forfattaren er altså den røynde sogeforteljaren og redaktøren Sigurd Haugsgjerd. Utforming og produksjon er ved Setesdalstrykk på Evje. Sigurd takkar historikar Johnny Haugen, entusiasten Dirk Trommer og den systematiske innsamlaren Alf Georg Kjetså for god hjelp.

Eg er litt i overkant interessert i lokalhistorie frå Hornnes. For meg er heftet som den reinaste bokskatten. Men innhaldet handlar i realiteten ikkje om Hornnes, men om verdshistorie. Eg meiner det vil vere veldig spennande stoff her for dei aller, aller fleste.

Heftet er alt i sal på bokhandelen i Evje sentrum.

Geir Daasvatn