Elling T. Eikerapen slår igjen på stortromma og inviterer til 5-årsjubileum for Eikerapen Gjestegard, med Bjøro Håland som hovudtrekkplaster under feiringa. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)

Hotellet som Elling hadde tru på

Mange var skeptiske til Elling Eikerapen sine planar om å bygge hotell i heimbygda i Åseral. I desse dagar feirar Eikerapen Gjestegard 5 år. Dermed er det slått fast at det meste er det råd å få til viss ein eig vilje til å stå på for det ein trur på.

Eikerapen Gjestegard markerer dette med eige jubileumsarrangement no til helga den 18. juni med mange gjester frå fjern og nær og ikkje minst med Bjøro Håland som det store trekkplasteret.

– 5 år har gått altfor fort, seier den pensjonerte entreprenøren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elling Eikerapen kan gle seg over at hotellet som i realiteten er bygt opp omkring barndomsheimen hans bokstavleg tala, har blitt ein samlingsplass for små og store arrangement i indre bygder.

Det er knytta alt frå rootsmusikk til villmarksfestival til hotellet som også har blitt ein naturleg plass for kurs og konferansar av ymse slag, bryllaup og ei rekke andre familiesamankomstar. Resultatet er eit hotell i særklasse, innarbeidd på rekordtid. Mot mange odds har Eikerapen Gjestegard blitt eit hotell med heilårsdrift.

Både fjell og vatn

Hotellet blir av mange som har vore der kalla Eventyrhotellet. Det har takka vere kreative drivarar framstått med uvanleg mange aktivitetar for folk i alle aldrar. Dette kjem som tillegg til alt det ein kan oppleve av kultur og natur i eit fantastisk område av innlandet på Agder. Eikerapen er velsigna med både fjell og vatn og gir folk utsøkte muligheter til flotte turar året rundt.

Gjestegarden er alt kjend for aktivitetar knytta til riding og hamnehagen med hestar, men dette tilbodet blir i desse dagar ytterlegare utvida.