Kommuneoverlege i Bygland og Evje og Hornnes, Åsulv Horverak, oppmodar no alle i Setesdal som ikkje av ein eller annan grunn må til Kristiansand om å halde seg vekk frå byen den næraste tida. Smittetala i Kristiansand har vore så høge at byen er omtala som eit av dei verste episentra i landet saman med hovudstaden. (Foto: Carsten WT)