Ingen nye smittetilfelle i Setesdal!

Det har ikkje vore nye smittetilfelle av covid-19 i Evje og Hornnes sidan 17. oktober. Heller ikkje i Bykle eller Bygland er det meldt om nye korona-smitta siste tida.

Berre ein av dei smitta i Evje og Hornnes er framleis i isolasjon. Dei andre koronasmitta er friske att, og treng difor ikkje lenger å vere isolerte.

-Det betyr at det lokale smitteutbrotet i Evje og Hornnes har blitt handtert på ein god måte, og ein kan gå tilbake til å følgje sentrale retningsliner når det gjeld smittevern og tiltak for å avgrense smitte i samfunnet, heiter det på kommunen si heimeside.