Festkledde i Høna orkester på 17. mai 1954 på Byglandsfjord. Kjenner nokon desse? (Bilete utlånt av Reidar Larsen til Byglandskalenderen 2023).

Innhaldsrik Byglandskalender

Ein variert kalender frå Bygland viser mellom anna flotte fotografi frå nærområdet tatt av Frank Egil Reise, gamle skulebilete med mange kjente fjes og barnebryllaup på Sordal.

Den årvisse kalenderen gjev eit lite innblikk i både folk, historie og flott natur i Bygland. Eit av motiva er husmannsplassen Hagen på Lauvdal, eit vakkert fotografi som Frank Egil Reise for nokre år sidan gav til Byglandsheimen til jubileet der.

Nå er det ikkje berre dei på heimen som kan sjå på det flotte motivet frå heimkommunen, men også dei som kjøper kalenderen til Bygland Bygdekvinnelag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Unge, lovande byglandsfjordingar

Ein får vidare i kalenderen også sjå unge, lovande byglandsfjordringar på eit lasteplan gjennom bygda i 1975, og bilete frå 17. mai i bygda i 1954, utlånt av Reidar Larsen. Dette biletet er utan namn, så interessant hadde det vore å fått namn på det som må vere mange kjente og festkledde byglandsfjordingar i Høna orkester på 50-talet.

Frå Bygland er eit bilete av brørne Leiv og Sigurd Haugsgjerd med trykkemaskina då Setesdølen med trykkeri heldt til i kommunehuset, før bedrifta flytta i eige hus på Raubekk. Det er også med eit bilete frå tradisjonen med barnebryllaup ein gong på 80-talet frå Sordal som Solveig Ose har lånt ut.

Fantastisk utsikt på Bygland

Verd å nemne er også biletet til Reidar Tveito av Trollnåla nord for Bygland. For å kome dit må ein nord for Ellingstjønn og Bjånes, og følgje ein skogsbilveg frå Knutsplass til Myhola og vidare eit stykke. Utsikten derfrå er utruleg vakker, noko Tveito har fått fram i fotografiet som får pryde ein av månadane.

Det er Bygland Bygdekvinnelag som gjev ut kalenderen. Magnhild Skjeggedal og May Britt Stenjor har gjort ein god innsats med å velje ut bilete og setje saman årets kalender som er for sal på Databutikken på Evje og elles alle butikkane i Bygland.