HOVDEN: Jose Luis Saucedo Barbaro (t.v.) med far Jose Luis Saucedo Heredia i den nye Pizzabakeren på Hovden.

José (17) satsar sparepengane i heimbygda

José (17) er medeigar i den nye Pizzabakeren på Hovden. – Målet er å tene pengar, og eg ser det som ei investering i framtida, seier han.

José Luis Saucedo Barbaro går i andre klasse på Hovden skigymnas, men har i tillegg blitt medeigar i nysatsinga Pizzabakeren på Hovden.

Han seier initiativet er ei investering for framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet er å tene pengar, og eg ser det som ei investering for framtida, seier han.

– Veldig interessert

Han ser også på det som ein fin inngang til arbeidslivet med ein deltidsjobb for både seg sjølv og andre ungdommar på Hovden.

José Luis Saucedo Heredia er far til den unge gründeren, og sjefskokk og medeigar i restauranten Rustico som ligg like i nærheten av Pizzabakeren. Han meiner det er viktig å skape noko sjølv.

– José har vore med oss og er vant til å jobbe i restauranten. Han er veldig interessert, og me ser på dette som ein god muligheit for å vere med å skape noko, seier han.

ELEV: José Luis Saucedo Barbaro går til dagleg på Hovden skigymnas, og har budd på Hovden dei siste tre åra. No er han i gang med å starte eiga bedrift.

Einaste i landet

Leif Westgård er også ein av medeigarane, og seier det er veldig moro at ein lokal ungdom vil vere med å starte Pizzabakeren.

–Det er veldig gøy at han i så ung alder ønsker å skape sin eigen arbeidsplass. Dette blir den første Pizzabakeren som får lov til å drive litt meir dynamisk i forhold til sesongopning. Det vil seie at vi kjem til å ha opent fem dagar i veka til vanlig, men full opningstid kvar dag frå 11-22 i alle ferier, seier han.

Westgård seier dei reknar med å sysselsette mellom 10 og 20 medarbeidarar i ulike deltidsstillingar framover.

– Det er gøy at vi får vere med å bidra til lokal utvikling og fleire arbeidsplassar, legg han til.