Rune Gjeitrem, Trine Bjærum, Marianne Dovland og Emma Kristine Leesland.
-Folk frå heile landsdelen har oppdaga Evje som eit koseleg handelssenter også i førjulstida, seier Marianne Dovland i årets julekomitè.
Rune Gjeitrem, Trine Bjærum, Marianne Dovland og Emma Kristine Leesland. -Folk frå heile landsdelen har oppdaga Evje som eit koseleg handelssenter også i førjulstida, seier Marianne Dovland i årets julekomitè.

Julegateopning på Evje 30. november

-Folk frå heile landsdelen har oppdaga Evje som eit koseleg handelssenter også i førjulstida, seier Marianne Dovland i årets julekomitè.

Komitèen er i innspurten med førebuingane, men kan alt no love variert program som verkeleg skal få det til å svinge i Evje sentrum framover. Sjølve julegata blir opna fredag 30. november kl. 17 med nissar, diktlesing og song. Frå då av går det slag i slag med nissegraut, bålpanne, hyggeleg julemusikk og song i sentrum og små og store konkurransar. Til opningskvelden kjem barnekoret Ekko frå Iveland for å skape god førjulsstemning.

Leig ei julebod!

Dei populære handelsbuene i sentrum blir også opna den kvelden med lokale handverks- og husflidsprodukt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ennå ledig plass for interesserte kremmarar som har noko å by fram eller lag og foreningar som vil marknadsføre seg i førjulstida. For 100 kroner døgnet får dei leige ei slik bu ved å kontakte Emma Kristine Leesland på tlf. 95700974 eller på e-post til:emma@setpro.no

Ta kontakt med henne straks, så er sjansen størst for at du får leige ei av utsalgsbuene.

Ønskelister til nissen

Som vanleg blir det også postkasse på ei av buene der du kan skrive ønskeliste eller anna brev til julenissen.

Blant breva blir det trekt ut vinnarar som får premie like før jul.

Kan vinne 20.000 kr.

Også den populære ordninga med ”Ti-shoppers” blir vidareført i år. Viss du frå julegateopninga og fram til 22. desember handlar for minst 300 kroner i 10 av handelsstanden sine medlemsbutikkar, er du til slutt med i loddtrekning om bakkort på 20.000 og 5.000 kroner.

Det er då noko å tenke på når du kjenner lommeboka litt ribba etter all julehandelen. Og hugs at du gjerne kan levere inn fleire ”Tishoppers”-kupongar viss du gjer så mykje som råd er av julehandelen lokalt.

Søndagsåpent

Kvar torsdag og fredag i heile desember er butikkane i Evje sentrum opne til kl. 19. Dei to siste søndagane før jul er det også søndagsopne butikkar.

Torsdag 20. desember kl. 17 blir det ekstra stas med Bygdekoret på besøk, nissegraut og fakkeltog frå sentrum til Evjeheimen og tilbake.

Artikkelen held fram under annonsen.

I heile førjulstida kan det dukke opp nissar i Evje sentrum. Dei har gjerne med seg sekk og deler ut med raus hand, men dette har Sanitetsforeninga tatt ansvaret for.