Astrid Heggland Skeibrok selde juletre utanfor Prix-butikken og kombinerte det med litt barnepass.

Julegateopninga samla mykje folk

Julegateopninga i Kyrkjebygda i Åseral vart ei fin samling med mykje folk. Julegrana skulle tennast, og det var song av Gunvor Ljosland og trekkspel av Andreas Forgard, og det var sjølvsagt gang rundt juletreet.

Arna Berg og Britt Ljosland baka potetkake, og selde flatbrød, prim og mysmør. Nina Skeibrok Petersen hadde gode tilbod på frisørsalongen, og Astrid Skeibrok selde juletre.

Arna Berg med skikkeleg tradisjonskost.
Snøscooterklubben var til stades på julegateopninga.

Scooterklubben var også til stades, og Ljosland Fjellstove kom med matvogna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt i alt vart det ein svært koseleg kveld der bygdefolket samla seg. På gamle kroa var det eventyrstund. Der blei det også selt graut, saft, kaffi og kake.

Mikael Schlezinger med matvogna serverte mat frå Ljosland Fjellstove i Kyrkjebygda.

Og Frivilligsentralen hadde åpning av nye lokale i nye Lordekroa, så inngangen til førjulstida fekk ei fin markering i Åseral sentrum.

Av Alexander Skeibrok

Åsdølar i kø for å gå rundt juletreet etter lystenninga då julegata vart opna i Kyrkjebygda sist fredag.