Sandra Lindefjeld Hodne (f.v.) med nissemor og nissefar på nissen sitt postkontor på Eikerapen Gjestegard. (Foto: Eikerapen Gjestegard)

Julemarknad for born på Eikerapen

I mørketida me går i møte er det fleire lyspunkt som vitnar om at det snart lir mot jul. Eit av desse er Barnas Julemarked på Eikerapen.

Fredag 18. og laurdag 19. november kjem julenissen for å få unna litt arbeid på julenissens postkontor som ligg på Eikerapen Gjestegard.

Julehotellet blir opplyst med 10.000 julelys, og det blir Barnas Julemarked med fotografering, utstillarar, pynting av juletre, hestetransport og musikkinnslag.

–Det blir ei opning av jula her hos oss, seier Per Thunstad.

10.000 julelys skal tennast på Eikerapen Gjestegard under Barnas Julemarked neste veke. (Foto: Eikerapen Gjestegard)