Tess Jansson ved Pernille Kafé AS var vertskap då julenissen kom med Coca-Cola juletraileren til bygda. Evje er den einaste tettstaden nissen stoppar på under si ferd frå by til by nå i desember.

Julenissen og juletraileren skapte magisk førjulsstemning

Hundrevis av menneske møtte spente opp då Coca-Cola juletraileren og sjølvaste julenissen kom til bygda. – Nokon sa til meg at eg ikkje er den ekte julenissen, men så fort dei fekk kjenne at skjegget var ekte, så forstod dei at det verkeleg var meg, sa julenissen til Setesdølen.

Det kunne ikkje passa betre at det la seg eit kvitt teppe over bygda berre timar før juletraileren svinga inn i Evje sentrum i går. Der var folk møtt opp i god tid for å få med seg når den kjente traileren og den endå meir kjente mannen inni kom på besøk.

– Det er den fyrste plassen me kjem til som har snø, sa ein litt kald, men smørblid julenisse på torget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange ville ta bilete med sjølvaste julenissen då han kom til Evje.

Fram til 20. desember reiser han landet rundt for å spre juleglede, noko som er det beste han veit.

– Eg har møtt veldig mange hyggelege folk her på Evje. Mange vil ta bilete ved lastebilen og nokre kjem for å stille spørsmål. Ekte juleglede kostar ingen pengar, og målet for meg er å spre mykje juleglede til born i alle aldrar, sa julenissen.

Sverre Helstad med barnebarna Linea og Emilie fekk high-five av julenissen.

Det vrimla av glade menneske rundt han, som både ville kome med juleønske, ta bilete og gje ein klem til den gåvmilde mannen. Folk varma seg rundt bålpannene, spelte på lykkehjul, jakta julestemning med VR-briller og åt vafler medan julestemninga kom snikande.

Kjell og Anna Hodne Syvertsen syntest det var stas å få sjå juletraileren og møte julenissen i Evje sentrum.

Gjekk tom for pølser

Litt ekstra juleglede vart det for Frivilligsentralen på Evje.

– Me bestemte oss for å spørje om Frivilligsentralen ville stå for sal av vafler, pølser og kaffi, så kunne dei få pengane på dette i staden for me på Pernille, sa Olav Andreas Erdvig som var vertskap då Coca-Cola kom med juletraileren til bygda.

Han rekna med at det måtte ha vore opp mot tusen menneske innom i løpet av timane juletraileren var på plass i bygda.

Anne Marie Birkeland (t.v.) og Frivilligsentralen stod for sal av vafler og kaffi i julebod på torget. Olav Andreas Erdvig og Tess Jansson lova å legge opp til liknande opplegg også neste år.

Anne Marie Birkeland i Frivilligsentralen viste stor takksemd for å få oppdraget med å servere folk som samla seg i sentrum. 80 pølser forsvann i løpet av kort tid, det gjekk med tre spann med vaffelrøre og ei mengde kanner med kaffi.

– Dette var veldig moro! Me fekk inn 6185 kroner, og det er jo kjekt at dette er frie midlar som ikkje er bunden opp til nokon aktivitet. Det er veldig moro at Pernille hadde lyst til å støtte organisasjonen på denne måten, sa Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho opplevde at timane på torget flaug avgarde.

– Dette kan me gjere neste år også, om Coca-Cola kjem igjen eller ikkje. Det kan vere frivilligheten sin dag, sa Erdvig.

Sjå fleire bilete: