Jysk opnar butikk på Evje neste haust

Jysk investerer 5 mill. kr. og opnar utsal på Verksmoen like sør for Europris Evje i månadsskiftet august/september neste år.

– Me leiger tomta og skal bygge butikken. Prosessen med å skaffe folk til utsalet tar til i andre kvartal neste år, seier sals- og marknadssjef i Jysk Norge, Are Bjøntegaard.

Selskapet skal ha tak i både butikksjef og tilsette elles.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fullt sortement

Det er i dag 2700 Jysk-butikkar globalt, 96 av dei i Noreg. Kor mykje den nye butikken på Evje må ha i årleg omsetning for at konsernet skal seie seg nøgd er ikkje endeleg klart, men svaret er truleg minst 15 mill. kr.

– Butikken på Evje blir eit fullverdig utsal med alt frå møblar og madrasser til sengeklede og teppe. Utforminga blir som i alle andre Jysk-butikkar, seier Bjøntegaard.

Kven som skal bygge den nye Jysk-butikken på Evje er ikkje avklart enno.