Nina Skeibrok Petersen (24) har drive frisørsalong i Åseral i 3,5 år. Ho vedgår at det var svært krevande å måtte halde stengt i sju veker under pandemien, men at kundane var flinke til å møte opp frå dag éin etter at ho kunne opne att. –Eg hadde aldri trudd at eg ved å starte frisørsalong i Åseral kunne bli sett i ein slik samanheng og bli finalist i Wella Family Fund, seier Petersen.

- Hadde vore heilt fantastisk å vinne!

Nina’s frisørsalong i Åseral er ein av seks finalistar som kan vinne Wella Family Fund. Av 590 nominerte skilte Nina seg ut som ein ung og tøff gründer som har våga å satse som frisør i ei lita bygd. –Det var veldig stas å finne ut at eg var ein av finalistane, og det hadde jo vore heilt fantastisk å vinne, seier Nina Skeibrok Petersen.

Det har vore ein krevande periode for heile frisørbransjen under pandemien. Dette er noko av bakgrunnen for at hårpleieprodusenten Wella sette i gong Wella Family Fund, og oppfordra folk til å nominere sin frisør til konkurransen. Ein fornøgd kunde i Åseral skreiv dette om Nina’s frisørsalong:

”Det betyr veldig mykje for den lille bygda at dei fekk eigen frisør. I tillegg skaper det arbeidsplassar for fleire unge nyutdanna. Mot alle odds driv ho eigen salong og livnærer seg av det i ein alder av 24 år.”

Artikkelen held fram under annonsen.

Einaste kandidat på Sørlandet

–Det var veldig tøft å måtte halde stengt i sju veker under pandemien, for utgiftene kjem likevel. Men folk var utruleg flinke til å kome tilbake og støtte opp då me kunne opne att, seier Nina Skeibrok Petersen.

På salongen har ho også tilsett ein frisør til, Marie Terese Finsådal. Det gjer at ho nå går med planar om å utvide.

–Me treng rett og slett meir plass, seier Petersen.

Som einaste kandidat i sør håper Nina at mange stemmer henne fram i konkurransen om å vinne eit års forbruk av hårprodukt til salongen hennar.

–Fan av tøffe jenter

Ein jury samansett av gründerar, stylistar og frisørar fekk i oppdrag å velje ut seks finalistar blant dei nesten 600 nominerte.

–Eg er så utruleg fan av unge og tøffe jenter som vågar å vere gründerar og vågar å satse på draumen sin slik som Nina, seier Cecilie Krogh som er stylist, influenser og gründer. Ho har vore i juryen som valte ut Nina’s frisørsalong som Wella-finalist. (Foto: @somcecilie)

–Me fekk utruleg mange søknadar, og det å skulle skilje mellom dei i ei tid der ein heil bransje har hatt trøbbel, gjorde at me måtte sitte veldig lenge med kvar søknad, seier frisørgründer og influenser Cecilie Krogh til Setesdølen.

–Til slutt blei det nok avgjerande at nokre salongar rørte noko ved oss, og dei kjentes som ein del av identiteten til menneska som driv dei, seier Krogh.

For influenseren var det to årsaker til at Nina skilte seg ut blant dei nominerte:

Artikkelen held fram under annonsen.

–For det første trur eg det er viktig for mindre stader å kunne ta vare på sine talent ved å ha ein stad der nye frisørstjerner kan skinne – og det i sitt eige nærområde. Eg er også så utruleg fan av unge og tøffe jenter som vågar å vere gründerar og vågar å satse på draumen sin, seier Krogh.

Gje tilbake til kundane og bygda

Vinnaren av konkurransen får ikkje berre eit års forbruk av hårprodukt til salongen, men skal også arrangere ei ”Wella Week” på salongen.

–Frisørsalongar er jo meir enn ein plass der ein klypper, fargar eller stylar seg. Det er stader kor ein kan finne ro og dele historier. Dei blir rett og slett ein viktig del av lokalsamfunnet sin identitet. Under Wella Week får vinnarsalongen blant anna mulegheit til å gje tilbake til lokalsamfunnet i form av eit veldedig tilskot til nokre dei mener fortener det. Det vil også bli sett eit ekstra fokus på salongen, og både salong og kundar blir gjort stas på, seier Krogh.

Den heldige vinnaren blir kåra 30. september. Fram til tysdag kan folk stemme på Nina’s frisørsalong på sidene til Wella Family Fund: Stem her