– Kan skaffe deg dress på 5 minuttar

– Mannfolk gruar seg gjerne for tanken på å skaffe seg dress til jul. Mange har nesten fobi for å gå inn i eit prøverom, men hos oss går det kjapt. Du kan fint skaffe deg ny dress og skjorte på 5 minuttar, seier Rita Kile i den tradisjonsrike klesbutikken Lars Kile på Evje.

Butikken har breitt utval i klær og sko til både menn og kvinner, men utvalet til mannfolk i alle storleikar er spesielt godt. Det har butikken lenge vore kjend for. Rita Kile overtok butikken etter foreldra for 13 år sidan, og utvalet har ikkje blitt mindre med åra.

-Evje er eit godt handelssenter med yrande folkeliv ikkje minst om sommaren, men elles i året er det kanskje ikkje så mykje trafikk som ein får inntrykk av i media, seier Rita Kile. Ho håper at julehandelen vil vise at folk bruker dei lokale butikkane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Året igjennom opplever me at det stadig kjem folk innom frå heile landsdelen. Folk frå Arendal og Froland i aust og frå Farsund i vest dukkar ofte opp her. Dei gir oss mykje skryt for godt utval, fortel Rita Kile. Folk frå heile Setesdal og indre bygder er også flinke til å bruke den godt innarbeidde klesbutikken på Evje.

Mannfolk er ei viktig gruppe

– Med tanke på førjulstid og kanskje julebord er mannfolk ei viktig kundegruppe, men dei treng gjerne ei huskeliste, seier ho.

I 1.etasjen er det mannfolklær over alt hos Kile, mens det i 2. etasjen er godt utval for kvinner i tillegg til sko for begge kjønn.

Etter laber handel i pandemiperioden ser dei no fram til kanskje å få oppleve ein normal julehandel igjen.

– Alt ligg til rette for det, men det er viktig at folk bruker dei lokale butikkane, og at me som driv handel her støttar kvarandre, seier Rita Kile.