I påska er det klart for noregsmeisterskap i bakkedrag på Bortelid skisenter. Her frå løpet på Eikerapen nyleg.

Klart for NM på Bortelid

–Me har arrangert mange løp, men nå kjenner me at dette blir ekstra høgtideleg. Det er gøy at det faktisk er eit NM me skal arrangere, seier leiar i Åseral Snøscooterklubb, Tom Handeland. 2. påskedag er det start i tre NM-klassar på Bortelid.

Åseral Snøscooterklubb er i full sving med tilrigging til NM Bakkedrag i påska. Etter ein omfattande søknadsprosess til NMF, og høge krav om kvalitet på landsnivå, fekk den aktive snøscooterklubben i Åseral tildelt NM. Det skjer på Bortelid skisenter 2. påskedag.

– Dette er eit veldig tradisjonsrikt løp. Det er alltid bakkedrag 2. påskedag på Bortelid. Så ekstra moro er det når det er tre NM-klassar, seier Vilde Thorsland Lauen i Åseral Snøscooterklubb.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei tre klassane der deltakarane konkurrerer om NM-tittel er 900 Stock, Pro Stock og Top Fuel. Medan den fyrste klassen er muleg å delta i med dei fleste vanlege snøscooterar som blir selde i dag, er dei to neste klassane for dei med både meir krefter og spesielle interesser.

– Det er jo dei største klassane som er dei gjevaste, seier Lauen og legg til:

– Det er ein kultur i Åseral, men også i Setesdal å trimme scooterane og jobbe heile året med å få dei klare til løpet. For å køyre dei 201,16 metrane rett opp i bakkedrag.

Folk kjem frå indre Agder og Telemark

Åseral Snøscooterklubb er ein klubb som held oppe aktivitetsnivået både sommar og vinter.

– Det er takka vere styret og at det er mange der som vil noko, seier leiar på 18. året, Tom Handeland.

Han synest det er moro med mykje engasjement i klubben, og ikkje minst at det møter så mykje folk når det er løp.

– Folk er veldig flinke til å stille opp, og me ser det kjem folk både frå kysten, eikdøler, setesdøler og frå Telemark for å sjå på, seier Handeland.

Han fortel også at aldersspennet i klubben går frå dei yngste på rundt 5 år til dei over 50.

– Det som gjer det så gøy er den gode stemninga, seier Handeland.

– Det er ekstra moro med tre NM-klassar i år under løpet 2. påskedag, seier Vilde Thorsland Lauen i Åseral Snøscooterklubb. (Foto: Privat)

Opp mot 500 hestar

– I klassen Pro Stock er det ein del trimma og opp mot 250 hestar, og i Top Fuel er nesten alt lov. Der er det store motorar, turbo og lystgass, og mellom 400 og 500 hestar, fortel Tom Handeland.

Denne gongen blir det meir høgtideleg med utdeling av NM-medaljar, laurbærkrans og alkoholfri sjampanje til vinnarane.

Deltakarane er venta frå både Åseral, Hægebostad, Eiken, Setesdal og Sirdal, men snøscooterklubben håpar også på konkurranse frå langvegsfarande.

– Me håper på deltaking frå heile landet, og at det kjem ein del nordfrå også, seier Lauen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klubben med flest aktive medlem

Talet på medlem i Åseral Snøscooterklubb ligg mellom 350 og 360.

– Det er faktisk den klubben i landet med flest aktive utøvarar som har løyst lisens. Det er veldig gildt og ein takknemleg jobb å leie ein så aktiv klubb, seier leiar Tom Handeland.

Populært barneløp

Det brukar å vere god deltaking når klubben arrangerer bakkedrag.

–Det er lågare terskel for å vere med i bakkedrag, for du kan stille med det utstyret du har, seier han.

Under løpet 2. påskedag er det også såkalla gjesteklassar, som ikkje er NM-løp. Det er mellom anna løp for rekruttar frå 11 år, klasse for ungdom, 850 Stock for damer, Millenium og 650 Stock.

For dei yngste snøscooterførarane er det barneløp, der deltakarne er heilt ned til 5 år. For å delta må dei ha gjennomført eit lisenskurs på nett med foreldra sine, elles er det fritt fram.

Samlande arrangement

– Me har hatt fleire barneløp i år. På det eine var det 42 deltakarar, så det er veldig populært. Me håper jo veldig på at dei synest det er moro og held fram. Det er viktig for rekrutteringa, seier Handeland.

Dei yngste deltakarane er også blant dei mest ivrige.

– Det er gøy med alle deltakarar, men det er fantastisk å sjå den reine idrettsgleda som dei har, seier han og fortel om fedre som deltar i sine klassar og har med seg ungane i barneklassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje så mange idrettsarrangement der både foreldre og born deltar på lik linje, seier Tom Handeland.

Påmeldingsfristen for å delta på Bortelid er skjærtorsdag, 6. april.