Kommunane øvst i dalen ber folk om ikkje å dra i «hytte-karantene»

Kommunane Bykle og Valle, med fleire tusen hytter, ber no folk langs kysten om ikkje å gå i «hytte-karantene».

Problemstillinga er enkel. Om folk drar beint frå heimstaden sin og til hytta, og held seg der, kan det gjere lite skade. Men dei fleste må innom ein stad for å fylle drivstoff, dei skal gjerne proviantere, og for kvar ein stopp aukar sjansen for å gje frå seg eller få korona-viruset.

1500 hytter i Valle kommune

Fredag kveld kom det melding frå Valle kommune med ei bøn til alle om ikkje å dra på «karanteneferie» til hytta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Valle kommune er liten, med 1100 fast busette og 1500 hytter. Me ynskjer at folk held seg heime og eventuelt nyttar helsetenesta der dei bur, heiter det.

Ei liknande oppmoding har kome også frå Bykle kommune.

Luftambulansen

Torsdag gjekk Norsk Luftambulanse ut med ei generell åtvaring der det vart peika på at ein ikkje kunne garantere at eventuelle korona-pasientar blir henta ut.

Les også
Stenger alle skular og barnehagar
Les også
Elevar på busstur frå Hornnes til Hovden hamna i hytte-karantene