Kommunen pungar ut for gang- og sykkelveg langs Rv9
Bykle betalar over tre millionar kroner for at Statens vegvesen skal lage to gang- og sykkelvegar i samband med utbygginga på Rv9.
Kommunestyret i Bykle løyvde til saman 3.250.000 kroner til gang- og sykkelvegar langs Rv9 i kommunen.
To millionar vart løyvd til ein forenkla gang-og sykkelveg i Byklebakkane. Vegvesenet står for ein million til prosjektet som totalt kostar tre millionar.
Artikkelen held fram under annonsen.
–Grunna trafikktal og ulykkesstatistikk og brukarfrekvensen, er det ikkje grunnlag for å krevje eller få etablert vanleg gang- og sykkelveg med fullfinansiering frå Statens vegvesen, skriv kommunedirektøren i Bykle.
Vegutbygging
Det er i samband med utbygginga av Rv9 har kommunen bydd seg til å finansiere delar av prosjektet.
–Statens vegvesen har tilbydd at det kan vere opning for å få gjennomført tiltak ned Byklebakkane, om kommunen kan medverke økonomisk, står det i saksutgreiinga.
I tillegg løyver kommunen 1.250.000 kroner til etablering av ein sykkeleveg i samband med Rv9-utbygginga mellom Byklestøylane nord - Hoslemo.
Anleggsveg blir sykkelsti
Her tek vegvesenet halve rekninga som er sett til 2.5 millionar kroner.
–Frå innbyggjarar og politisk hald er det ytra ønskje om å arbeide med å få til eit løft på sykkelrute 3 gjennom å nyttegjere seg av mellombels anleggsvegar og eldre vegsløyfer i samband med vegutbetring av Riksveg 9. Dersom tiltaket skal realiserast som del av riksvegutbetringa må det gjerast samtidig, skriv kommunedirektøren.