Kommunestyret vedtok nynorsk på Byremo

Kommunestyret i Lyngdal valde å lytte til folkeavstemminga på Byremo som viste klart fleirtal for å halde fram med nynorsk som hovudmål ved barneskulen. Vedtaket vart gjort i går kveld med to stemmer imot.

Tilrådinga frå kommunedirektøren var å vedta å halde fast på nynorsk som hovudmål ved Byremo barneskule i samsvar med den rådgjevande målrøystinga. Av 359 røyster i denne, var det 231 (64,3%) som ville halde på nynorsk som målform ved skulen. 127 (35,4%) ville gå over til bokmål.

– Resultatet vart eit stort fleirtal til nynorsk, det må me respektere. Men me i Høgre vil sympatisere litt med den tapande part. 63 % av foreldre ved skulen ønskte ei forandring. Før var det kun foreldre som stemte ved slike val, sa Bodil Stensrud (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

Stensrud peika på at dei som ikkje har born i den aktuelle aldersgruppa ikkje burde stemt over saka i utgangspunktet.

– Eg skal vere kjerringa mot straumen og ikkje støtte rådmannen sitt forslag. Eg vel å følgje ei anna avstemming, sa Bente Naglestad (KrF) og viste til at fleirtalet av foreldre ville ha ei folkeavstemming for å få endre hovudmål til bokmål.

Torbjørn Torsøy og Bente Naglestad frå KrF stemte imot tilrådinga om å halde fram med nynorsk.

Foreldre ønskte bokmål

Bakgrunnen for målrøystinga var foreldre som ønskte å endre målform frå nynorsk til bokmål. Dei fekk samla inn 172 underskrifter for å få igang avstemminga, men når det kom til stykket var det berre 127 som ville gå over til bokmål.

– Nå har me gjennomført den prosessen som foreldra ønskte. Alle som har ville stemt, har fått høve til det. Det syns me at me har lagt godt til rette for, seier Ingrid Alden i Lyngdal kommune.

Ho er Virksomhetsleder skole 1.-7. trinn, og har saman med Utvalg for barn og oppvekst stått for gjennomføringa av avstemminga.

Etter ei slik avstemming må det gå fem år før det eventuelt kan bli gjennomført ny. Dermed er målforma ved Byremo barneskule nynorsk også dei neste fem åra.

Språknøytral kommune

Det vart gjort vedtak om målform generelt i nye Lyngdal kommune i samband med kommunesamanslåinga. Kommunen vedtok å vere språkleg nøytral. Før samanslåinga var Audnedal språkleg nøytral og Lyngdal var bokmålskommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ikkje politisk ønskjeleg å endre målform i skulane i samband med samanslåinga. Forskrifta i begge dei tidlegare kommunane er derfor gjeldande inntil ny føreskrift blir vedteken, heitte det i sakspapira.

Les også
Nynorsken sigra på Byremo