Korona-dugnad i Bykle med side på Facebook

Bygdefolket øvst i dalen har oppretta sida Korona-hjelp i Bykle på Facebook.

Bygdefolk i Bykle og Hovden har oppretta sida Koronahjelp på Facebook.

Der kan alle som måtte trenge hjelp, og alle som er klare til å yte hjelp, melde seg. I desse tider kan det vere mange som har behov for ei handsrekning. Tiltaket frå bygdefolk øvst i dalen må vere eit ypperleg døme på den nasjonale dugnaden me alle bør stille opp på!