Tre av fem tilsette i Hovden løypekøyring seier nei til å køyre opp langrennsløyper. Dei meiner flotte løyper øvst i dalen lokkar endå fleire byfolk opp til hyttene sine trass i at styresmaktene seier at dei skal halde seg heime som tiltak mot korona-smitte.

Korona-opprør i Hovden løypekøyring

Det er korona-opprør i Hovden løypekøyring! Av dei fem tilsette er to viljuge til å sette seg i trakkemaskina medan tre seier butt nei.

– Kvifor skal me køyre opp løyper som lokkar hyttefolk frå byen opp hit? Trass i åtvaringar og oppmoding om at dei skal halde seg heime så kjem dei likevel! Kven har då kontroll på smitte og virus? Dei sit ikkje bare i hytta. Kor er kommunen? Det må vere kommunen som har ansvar for å seie at no stansar me løypekøyringa, seier ein av løypekøyrarane til Setesdølen.

Det er Bykle kommune som eig Hovden løypekøyring.

Mange har parkert trakkemaskinane

I mange av dei største vinterdestinasjonane her til lands er både alpinanlegg men også løypekøyringa no stengt. I Bykle er det framleis ope for løypekøyring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vart køyrt opp løyper laurdag, og det blir køyrt opp løyper sundag. Måndag skal me ta ei ny vurdering, seier leiar i Bykle kommune sin krisestab, ordførar Jon Rolf Næss.

– Det er langt færre folk enn vanleg på Hovden, om lag ein tredel så langt me kan sjå. Det gjeld også i langrennsløypene. Det seier vel noko at ein dag som laurdag var det ikkje ein einaste pasient innom legevakta. Så er det meste i denne situasjonen fortløpande vurderingar, men slik er status no, seier Næss.

Les også
Kommunane øvst i dalen ber folk om ikkje å dra i «hytte-karantene»