Koronasmitta kvinne bur ikkje i Evje og Hornnes

Kvinna frå Evje og Hornnes som var smitta av korona, bur ikkje i kommunen.

Måndag ettermiddag vart det opplyst om eit nytt tilfelle av korona knytt til Evje og Hornnes kommune. På smitteoversikta MSIS vart tilfellet registrert, men deretter fjerna i dag, tysdag.

Det betyr at Evje og Hornnes igjen står oppført med totalt to smittetilfelle, der siste tilfellet var registrert i april.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunelege Åsulv Horverak hadde måndag ikkje fått melding om smitte i kommunen. Grunnen til at den smitta likevel vart knytt til kommunen, var fordi Folkehelseinstituttet registrerer smittetilfella i den kommunen kor vedkomande er folkeregistrert.