Koronasmitta kvinne frå Evje og Hornnes

Ei kvinne i 20-åra frå Evje og Hornnes er bekrefta smitta av korona. Det viser tal som Folkehelseinstituttet (FHI) presenterte i ettermiddag. Kvinna er ikkje i kommunen nå.

To kvinner frå Sørlandet skal ha fått påvist koronasmitte i dag. Dei to skal begge vere i 20-åra. Den eine kjem frå Kristiansand, medan den andre er folkeregistrert i Evje og Hornnes kommune. Koronatesten frå denne kvinna er gjort ein annan stad i landet, sidan ho ikkje er i kommunen.

Dette er totalt sett det tredje smittetilfellet av korona knytt til Evje og Hornnes kommune, men den smitta oppheld seg ikkje i kommunen. Prøvene vart analysert ein annan stad i landet.