Kraftig trafikknedgang gjennom Setesdal

Målingar gjort av Vegtrafikksentralen veka før og veka etter nedstenging og hytteforbod syner ein markant nedgang i trafikken gjennom Setesdal.

Trafikktala frå Vegtrafikksentralen syner den tydelege nedgangen i biltrafikken gjennom Setesdal. Målingane under er gjort i veka før nedstenginga, og veka etter nedstenging. Den måler talet på bilar som passerer, og syner ei markant nedgang i trafikken gjennom Setesdal på to stader: Rotemo og Vamark.

Rotemo - nord for Valle

Dei blå stolpane syner talet på bilar forbi målepunktet på Rotemo i Valle dag for dag i veka før nedstenging. Dei gule syner trafikken førre veke. Legg særleg merke til den kraftige nedgangen fredag og sundag.

I den grafiske framstillinga kan ein sjå ein nedgong frå nesten 2000 passeringar forbi Rotemo sundag 8. mars, til omlag 300 passeringar sundag 22. mars.

Vamark - sør for Haukeli

Grafen tek utgangspunkt i same tidsrom for målingane som på Rotemo, men her med tal frå Vamark. Medan det fredagen i veka før nedstenging passerte over 400 bilar her, var talet på fredagen veka etter nede på 150.

Den kraftige nedgangen er også tydeleg på kontrollpunktet ved Vamark. Særleg helgetrafikken på torsdag og fredag syner ei klar utvikling. Torsdag 12. mars passerte over 300 bilar, medan det torsdag 19. mars berre vart registrert omlag 100 bilar forbi.