Pavlina Sikjova fekk Bykle kommune sin kulturpris for 2024 under feiringa av 17. mai. Foto: Helga Jacobsen

Kulturprisen til Pavlina Sikjova

Under 17. mai-feiringa i Bykle fekk Pavlina Sikjova Bykle kommune sin kulturpris for 2024. Ho blir skildra som ein sentral figur innan kulturlivet i kommunen.

Både gjennom konsertar og andre musikalske arrangement, med undervisning og musikkterapi har Pavlina lyfta fram kulturlivet øvst i dalen gjennom ei årrekke. Ho er glad i elevane sine, og byggjer dei opp og fram og gjer dei til trygge utøvarar med formidlingsglede.

Svært dyktig musikar

Prismottakaren er ein svært kompetent musikar som byr på seg sjølv slik at også andre skal få utfolde seg. Ikkje minst har Pavlina vore ein pådrivar med tanke på å halde liv i Bykle musikkorps, noko som kan vere krevjande ein stad med få innbyggjarar. Kva hadde 17. mai eller jolekonsertar vore utan henne?

Artikkelen held fram under annonsen.

Langt ut over arbeidstida

Pavlina Sikjova står på langt utanfor ordinær arbeidstid for å få på plass alt av konsertar, undervisning og alt ho elles held på med. Barnekor, vaksenkor og korps, dei dreg alle nytte av kapasiteten ho legg for dagen. Sjølv er ho ein dyktig musikar både på trommer, piano og song. Ho har vore ein viktig aktør heilt sidan ho kom til Hovden som hotellmusikar i 1992.

Bykle kommune