Seminaret Kvinnespranget har tidlegare vore fleire stader i Agder, som her i Listerregionen i 2020. Nå er turen komen til kvinner i Setesdal og Åseral. (Foto: Listersamarbeidet/Kamilla Kvåle)

Kvinnespranget til Setesdal

Kvinner i alle aldrar frå Setesdal og Åseral er inviterte til seminaret Kvinnespranget 27. oktober. I eit fylke der likestillinga ligg etter resten av landet, er det behov for eit Kvinnesprang mot fleire medverkande og deltakande kvinner i alle kommunar.

Målet med seminaret er å inspirere til å få med fleire kvinnestemmer i arbeidet med ulike planar i regionen. Fylkestinget har vedtatt at det vil vere spesielt viktig å involvere ungdom og kvinner frå regionen i ei formell rolle i prosessen frå oppstart av regionplanarbeidet.

– Me vil spesielt oppmuntre politikarar, frivillige i organisasjonar, ungdomsråd, sjølvstendig næringsdrivande, offentleg tilsette og andre interesserte å møte opp, seier Inga Lauvdal i Agder Fylkeskommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er Agder fylkeskommune og Setesdal interkommunalt politisk råd som inviterer kvinner i alle aldrar til seminaret.

Mindre likestilt Agder

Agder ligg etter når det gjeld likestilling samanlikna med resten av landet. Her jobbar fleire kvinner deltid, færre menn tar ut pappaperm og det er dårlegare kjønnsbalanse blant leiarar enn andre stader i landet. Då regjeringa auka løyvingane til dei fire likestillingssentera i landet, forklarte kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen mest midlar til Agder med at området vårt «henger litt etter».

Også når det gjeld regionplanar, kommuneplanar og utvikling av samfunnet, må kvinner i Agder bli meir involverte.

Kvinner med stort vågemot

Det er her Kvinnespranget kjem inn ved å inspirere både unge og eldre kvinner til å ta ein meir aktiv del i samfunnsutviklinga. Begrepet Kvinnespranget er inspirert av Skjelvaspranget på Tingvatn og Jentespranget i Feda, som også er tittelen på ei bok av Sigbjørn Hølmebakk. Fellesnemnaren er kvinner som viste stort vågemot.

I dag er det behov for eit kvinnesprang som gjer at kvinner kan bestemme meir, ta meir plass i samfunnet og vere økonomisk sjølvstendige i alle livsfasar.

Hovedinnleiar under Kvinnespranget på Revsnes hotell på Byglandsfjord 27. oktober er Kristine Hognestad Træland. Ho er filosof, og budde sju år i ei lita hytte utafor allfarveg i Kvinesdal. Ho skal fortelje om det å ta eigne val, om så dei er utradisjonelle og alternative. Fokuset vil vere på kva mulegheiter ein har ved å bu i distriktet samanlikna med å bu i ein by.

Paneldebatt med Gro Bråten og Margrete Handeland under Kvinnespranget i Listerregionen i 2020. (Foto: Listersamarbeidet/Kamilla Kvåle)

Andre deltakarar på seminaret har lokal tilknyting til Setesdal og Åseral, og vil delta i ein sofasamtale der temaet blir kva som kan vere utfordringar og mulegheiter for jenter og kvinner i Setesdal. Seinare blir det gruppesamtalar ved Kristin Øygarden der folk mellom anna får vere med på å foreslå tema som bør vere med i den planlagte regionplanen for Setesdal.

Rita Hansen frå Setesdal interkommunalt politisk råd og Gro Bråten frå Agder Fylkeskommune skal halde innlegg om vegen vidare og Kristin Tofte Andresen, direktør for næring, kultur og kulturminnevern vil stå for avsluttande kommentarar.