Nokre av elevane ved den kristne vidaregåande skulen på Bygland som arrangerer Komikveld på Evje bedehus førstkomande fredag 8. november, frå venstre: Elida Marie Evensen Harring frå Lillesand, Hermine Bjørkevoll frå Gjøvik og Simon Tobias S. Danielsen frå Lyngdal.

KVS-elevar hjelper fattige i India: Inviterer til komikveld

Med humoristen Toralf Nordbø, ”han innante”, i baklomma inviterer elevane ved den kristne vidaregåande skulen på Bygland til komikveld for heile familien i Evje bedehus førstkomande fredag.

Bakgrunnen for arrangementet er at elevane vil samle inn pengar til KVS-Bygland sitt misjonsprosjekt ”Med hjerte for India” som Åse Marie Hegland frå Hornnes sette i gang for fleire år sidan. Arrangementet blir ein del av elevane sitt prosjekt innanfor entreprenørskap og omfattar alt frå å førebu program til å ordne med marknadsføring, billettsal både på nett og ”i døra”. Dessutan er dei både sjølve og gode hjelparar engasjerte i kakebaking, for i pausen denne kvelden blir delt selt kaker og kaffi til den gode saka. Dessutan går altså overskotet av arrangementet til å hjelpe fattige born i India.

Utvidar skulebygg

– Gjennom dette prosjektet er det alt sett opp skulebygg, men med vår og andres hjelp skal skulen byggjast ut til også å omfatte 6., 7. og 8. klasse, fortel elevane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er andre året elevane på KVS engasjerer seg i prosjektet i India. 13-14 av elevane deltar i prosjektet med innsamlinga som ei av oppgåvene i elevbedrifta.

Om prosjektet

Under komikvelden får nok humoristen frå Finnøy i Ryfylke, ”han innante” Toralf Nordbø ein sentral plass, men elevrådleiar på skulen, Tønnes Skrudland Hetland, skal orientere dei frammøtte om prosjektet i India.

– Komikvelden er eit familiearrangement som kan bli ein fin kveld både for små og store, seier elevane. Dei håper folk frå heile distriktet vil ta turen til Evje bedehus, også for å trimme lattermusklane denne fredagskvelden.