STØYLEN CAMPING: Arnt Magnar Stokka styrer med det meste på den gjenopna campingen som før heitte Støylehommen.

Kyllingbonde har rusta opp gammal campingplass

Støylen camping legg vekt på romsleg campingliv. – Eg trur folk set pris på god plass mellom bubilane og campingvognene, seier innehavaren.

Arnt Magnar Stokka har hatt hytte i nærleiken i mange år. For to år sidan kjøpte han den gamle Støylehommen camping, som no har fått namnet Støylen camping.

– Eg hadde kjørt forbi mange gonger og sett på den fine plassen. Eg tenkte det hadde vore kjekt å fått til noko der igjen, seier Stokka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stokka er bonde på Hommersåk i Rogaland, men har dei siste åra brukt det meste av tida si på campingplassen sør for Ose.

– Eg har litt dårleg samvit for kona og garden heime, men sidan eg driv med kyllingproduksjon i samarbeid med sonen min, kan eg reise til Ose og arbeide med campingplassen, seier han.

TURIST: Niels Dekker frå Arnhem i Nederland er på sykkeltur til Nordkapp. Han set pris på ein fredeleg plett ved Støylen camping.

Dyrking og utviding

Campingplassen har ikkje vore i drift på meir enn 20 år, og no har Stokka rydda skog og opparbeidd området. I tillegg har han kjøpt to naboeigedommar, som til saman vert 70 mål.

– Det var grodd til med skog og kratt, og så kjøpte eg eit område nede ved fjorden. Det er dyrka opp på nytt, slik at ein no kan sjå fjorden igjen. Det er eigentleg oppattdyrkinga som er det arbeidet eg likar best, held han fram.

FREDLEG: Britt Jorun Brevik og Roy Danielsen er frå Ålgård og har vore på campingtur i Setesdal i fleire år. - Dette er ein flott plass, og me kjem nok igjen her, seier Danielsen.

Han er akkurat ferdig med sanitæranlegget, og tek nå imot turistar av alle slag.

– I fjor var det berre bubilcamp, sidan det ikkje var sanitæranlegg. Men i år er det på plass og eg kan ta imot fleire, legg han til.

Stokka driv med det meste sjølv på campingen, men har mykje hjelp av familie med oppussing og plenklypping. Planen er å lage til ein sandvolleyballbane og ei hoppepute for barna.

Han har akkurat bygd ferdig ei brygge, og går også med planar om å setje i stand resepsjonsbygget. Men per i dag har han betalingsterminalen i lomma.

Artikkelen held fram under annonsen.

BADING: Ei flott strand ligg ved campingplassen, men Stokka seier han har fjerna mykje krypssiv i løpet av våren.

Nybegynnar

Campingdrivaren har investert ein del, men vågar ikkje gå ut med noko tal.

– Eg veit ikkje heilt. Eg hadde i grunn ikkje tenkt å drive camping, men så blei det slik. Eg er heilt nybegynnar, seier han.

Han fortel om god respons frå gjestene som har vore innom, men trur at campingplassen framleis er noko ukjend for dei fleste.

– Me skulle nok hatt fleire gjester, men eg trur det kjem fleire etterkvart då det blir meir kjend. Eg ser det aukar for kvar dag, men det tek tid å få folk til å oppdage den, seier Stokka.

ROMSLEG: Arnt Magnar Stokka syner det oppattdyrka området på den no 70 mål store campingplassen sør for Ose.

Det vert lagt opp til at det skal vere ein romsleg campingplass med litt avstand mellom camparane.

– Eg trur turistane set pris på at dei ikkje kan campe litt spreidd å ikkje sjå kva naboen har på grillen til ei kvar tid, seier han.

OSE: Campingplassen ligg vakkert til ved fjorden, med god plass mellom gjestene.