Leiv Rygg Langerak då han var ordførar i Bygland i 2015. (Foto: Sigurd Haugsgjerd)

Leiv Rygg Langerak er død

Tidlegare ordførar i Bygland, Leiv Rygg Langerak døydde brått torsdag 15. september. Han vart berre 55 år gammal. Han etterlet seg kone, ei vaksen dotter og eit barnebarn.

Meldinga om at han er død kjem som eit sjokk på alle som kjende han, for etter at han slutta som ordførar i 2019, har han vore i fullt arbeid i Bygland kommune.

Leiv Rygg var fødd i Trøndelag, men fekk det meste av oppveksten sin i Bygland då familien flytta dit tidleg på 70-talet for å overta slektsgard på Longerak. Etter utdanning arbeidde Leiv Rygg i fleire år i kommuneadministrasjonar nordpå og i Sogn, før han i 2008 søkte seg heim att til Setesdal og vart leiar for kultur- og tenestetorget i Bygland kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar i 8 år

Etter kvart gjekk han inn i kommunepolitikken og vart ordførar for Senterpartiet i to periodar frå 2011 til 2019. Den nye store idretteshallen og fleire andre omfattande investeringar vart gjennomførte i hans ordførartid. Om det blant dei folkevalde og elles i kommunen kunne vere delte meiningar om prioriteringane, var Leiv Rygg Langerak alltid ryddig i si framstilling, og han stod støtt på dei standpunkta han hadde tenkt seg fram til.

Ved sida av politikken hadde han mange andre interesser. I eit års tid var han journalist i Setesdølen for bygdelivet og lokalsamfunnet interesserte han. Dessutan hadde han lett for å skrive.

Sauehald

Han interesserte seg også for jakt og friluftsliv, og heime på Longerak dreiv han med sauehald som hobby og var spesielt opptatt av gammalnorsk sauerase.

Han var kunnskapsrik og hadde alt frå ungdomsåra markert seg i TV-sende kunnskapskonkurransar på nasjonalt hald. Han var allsidig i kulturarbeidet lokalt og deltok aktivt i både korsong og revyarbeid. Nyleg fekk han også oppgåva som ansvarleg for å drive kommunen sitt bygdesogearbeid vidare etter at det var tilsett ny sogeskrivar.

Leiv Rygg var humoristisk og folkeleg i all si ferd. Difor var han lett å kome i kontakt med.

Torsdag i denne veka gjekk han seg ein kveldstur, men kom ikkje heim att. Han vart funnen død i skogen, og meldinga om dette har gjort eit djupt inntrykk både i bygda og i distriktet.

Han var ein ressurs for lokalsamfunnet og eit omgjengeleg menneske som etterlet seg eit stort tomrom både på arbeidsplass og i bygdelivet.

Sigurd Haugsgjerd