– Som tidlegare ordførarkollegaer gjennom ei årrekke er minna om Leiv og samarbeidet me hadde mange og gode, skriv Jon Rolf Næss (t.v.). (Arkivfoto)

Leiv Rygg Langerak til minne

Det var med sjokk og stor sorg eg mottok meldinga om at tidlegare Byglands-ordførar Leiv Rygg Langerak har gått ut av tida så alt for tidleg. Som tidlegare ordførarkollegaer gjennom ei årrekke er minna om Leiv og samarbeidet me hadde mange og gode.

I dag kjem dei til meg, alle saman. Når ein får meldingar som den om Leiv, då er det dei harde realitetane i livet ein møter. Det er sterkt.

Leiv Rygg Langerak var ein mann det var lett å røe med. Han var kjapp i replikken, hadde glimt i auga og sette pris på ei lett og ledig tone. Om det no var i samband med kommunale selskap, interkommunalt samarbeid eller bare det at me var ordførarar i same dalen, dialogen var alltid enkel og likefram.

Ryddig og konstruktiv

Leiv var ein ryddig og konstruktiv mann. Visst hadde han sine eigne meiningar, og sanneleg våga han å

stå for dei – men konstruktiv og løysingsorientert var han alltid. Engasjert, oppteken av å lytte, og å få resultat. Det er rart med det, som ordførarar i relativt små kommunar i eit dalføre der «alle kjenner alle» kjem ein sjølvsagt nærare inn på kvarandre enn i meir folkerike strok. Det prega då også både dialogen og samarbeidet – me er ikkje fleire her i dalen enn at det i noko større perspektiv nesten er som familie å rekne, viss ein kjem frå Setesdal!

Tankane våre no går til familien som sit att. Tunge stunder, sorg og sakn kjem til å prege kvardagen. Men også takksemd og gode minne. Dei gode minna deler me med dei alle – og me tenker på dei. Eg lyser fred over Leiv Rygg Langerak sitt gode minne.

Jon Rolf Næss

Artikkelen held fram under annonsen.

19. september 2022