Lengste gang- og sykkelveg i Setesdal
Statens vegvesen i samarbeid med Valle kommune byggjer no gang- og sykkelveg frå Fjellskarå til Haukedalsvegen på Rysstad, ei strekning på kring 1500 meter.
Når arbeidet er fullført, vil det vere samanhengande gang- og sykkelveg frå Besteland til Nomeland i Hylestad.
–Dette er den lengste samanhengande gang- og sykkelvegen i Setesdal, slår Torgeir Hodne i Statens vegvesen fast.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ferdig i november
Gang- og sykkelvegen skal vere ferdig i løpet av november.
– Arbeidet ligg i rute til det, seier Hodne.
Viss det blir behov, kan det bli aktuelt med ljosregulering somme stader langs anleggsområdet i byggjeperioden.